...

Neste år - 17. mai

 

 Faksimile Eidsvold Ullensaker Blad
Jonas Gahr Støre var hovedtaler ved Eidsvollsbygningen 17. mai. Foto: Bjørn Inge Rognlien Rødfoss

– På Eidsvoll er nasjonaldagen aller vakrest

EIDSVOLL VERK. Foran 7.500 mennesker hyllet utenriksminister Jonas Gahr Støre grunnlovsbygda og Eidsvollsbygningen.

 

Gjennom århundra sa jødar i diaspora dette: "Neste år - Jerusalem". Eg skal la konfliktane kring dette liggje. Utsegna gav uttrykk for ein lengt etter fridom, eit heimland å høyre til.

Eg har laga meg mitt eige mantra:

Neste år - 17. mai!

Jamen, vi er då frie, og har vore det i 65 år. Vi har demokratiske rettar og ytringsfridom om det meste. Vi er verdas beste land å bu i. Alt dette seirer godtruande norske innbyggjarar uten kunnskap om nasjonens skuggeside, der dei utstøytte lever.

Jaudå, har du det bra, og ikkje veit anna, har du alle gode grunnar til å feire. Den norske feiringa er også fin, samanlikna med andre land. Ofte feirast nasjonaldagen med militærparade. Vi har gitt dagen til barna, i Henrik Wergelands ånd. "Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange". Vår lett svulstige nasjonalsang "Ja vi elsker dette landet", får blodet til å bruse hjå nokon kvar.

Likevel. Denne festdagen som eg minnest med så mange gleder, har eg dei siste åra vald å forbigå i stille. I år hadde eg ein fin dag på sjøen saman med fylgjet mitt. Nokre fine lyr, ein kjøvel (mellom pal og småsei - 4 kg) og eit par dusin pal var sakta gildt nok for dagen.

Men eg feira ikkje nasjonaldagen, fordi eg i dag veit meir. Eg har møtt både funksjonshindra og nordsjødykkarar, og eg har hatt tid til å høyre kva dei kan fortelje.

 

Fint skal det vera

Eit land som stengjer ute einskilde av sine borgarar, er ikkje eit sant demokrati. Eit samfunn der ikkje alle sikrast lik rett til å delta i alle delar av samfunnslivet, er ikkje fritt.

Oslo, med landets fagraste paradegate, valde å dekkje henne til med grov stein. Fin å sjå på, men ubrukeleg for rullestol, og vaklevoren for synshindra. Kor mange slike born fekk vera med til Slottsplassen 17. mai i år?

"Noen ganger vinner funksjonalitet, andre ganger design," sa Snøhetta den gongen gatedekket vart kritisert. Og media slo seg til tåls med deira blanke lygn. Om fem år har steinen jevna seg ut og problemet er løyst. Slik gjekk det sjølvsagt ikkje. Seks år er gått, og steinen er like ille som første veka.

 

Ufritt

Men eg skal la Karl Johan liggja i fred.

Derimot vil eg nevna mine nye vener, i eit miljø eg vart ein del av for sju år sidan. I dette miljøet fins mange som ikkje kunne feira 17. mai, fordi dei ikkje kan røre seg i eit utilgjengeleg samfunn. Dei har rett til å stå opp, men ikkje rett til å vera med i festflokken. Kan hende treng dei assistanse for å kome seg dit, og den assistansen har dei ikkje rett på

Men 17. mai er minste problemet. Verre er det med kvardagen. For folk flest er det gode livet slike fridommer som:

  • Å studera kor eg vill
  • Å jobba med kva eg kan
  • Nyta kultur
  • Væra politisk aktiv
  • Arbeida i frivillige organisasjonar, på dugnad eller som yrkje
  • Påta meg valde verv
  • Gå på bedehuset når eg vil
  • Feste når eg vil og med kven eg vil
  • Ha sex når eg vil, og innafor visse grenser, med kven eg vil
  • Reise kor eg vil, med det transportmiddel eg sjølv ynskjer
  • Eg har rett og menneskerett både etter norsk lov og internasjonale konvensjoner, forankra i våre høgste intitusjonar
  • Eg kan gå på do når eg er trengt
  • Og svært mykje meir.

Mange funksjonshindra har ikke desse rettane, med mindre dei søkjer kommunen om lov. Om dei skal få leve ut ein slik levemåte, som for oss andre er ein del av dagleglivet, er opp til ein lokalt tilsett i heimkommunen. Og deira vurdering vil sprike, frå kommune til kommune og bydel til bydel.

 

BPA

Borgarstyrt personleg assistanse BPA har vore ein lovfesta rett i Sverige sidan 1994. I Norge er det opp til den einskilde kommune om denne retten skal tilbydast ein innbyggjar. Utan slik rett, vil svært mange og i framtida vera utan den fridomen som folk flest feirar 17. mai.

- Vi ventar på samhandlingsreforma innan helse- og omsorg, siere dei raudgrøne og trenerer reforma som alle parti på Strotinget har vore samd om sidan 2005. Dei skal og ta omsyn til kritiske høyringsuttalingar, gjerne frå miljø som ikkje ein gong tok seg brytet med å snakke med funksjonshindra før dei uttalar seg om deira livsgrunnlag.

Kva har det med helse og sosial samhandling å måke snø så ein kjem seg på jobb, eller å gå på do før ein kler på seg?

Makta ter seg, og makthavarane har til alle tider hatt nok av grunngjevingar for ikkje å dele makt og goder med dei makteslause. "Det verste du kan gjøre mot et menneske, er å frata det ansvar og begrunne det i omsorg," sa tidligere stortingsrepresentant Inge Lønning. Som partiet er, var han tilhengjar av full samfunnsdeltaking for funksjonshindra.

Nei til BPA = Ja til Apartheid

 

Nordsjødykkarane ...

... skapte det økonomiske grunnlaget for at Norge har råd til å vera verdas beste land å bu i.

Med overlegg gav statsmakta løyve til utbyggjing i Nordsjøen som dei visste ville ta helsa frå mange unge menn. Dei fleste mista arbeidsevna si etter få år med store påkjenningar. Gjennom fleire rettsaker, og no nye rundar i internasjonale domstolar, freistar dei å stable livet sitt på beina. Kanskje finn dei nokre gode år mot slutten av ei kort levetid.

Men frå ein velfødd stat ventar så langt berre vrangvilje. Dette handlar ikkje først og fremst om jus, men om å syne eit menneskeleg andlet. Og det kan ikkje den nasjonen som feirar 17. mai, farga i raudt, kvitt og blått. Noko av det raude er dykkarar sitt blod, før det blir vaska bort i blått hav, der vi andre kan nyte det kvite skummet på overflata.

 

Solidaritet ...

... er sjølve grunnideen med Stigmavakta. Frie menneske treng ikkje mykje solidaritet, dei ufrie må ha den i kamp for sin fridom. Når eg ser rundt meg, her eg no  sit, er det ikkje naturleg å feire ein slik dag, den såkalla fridomsdagen vår.

Men draumen, den kan ingen ta frå meg. Difor seier eg;

Neste år - 17. mai!

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no