...

Leiar 6. mai 2010

Frida flyttar heim - men kvifor slapp media henne?

 
Foto: Privat

 

Status: Formannskapet i Ree kommune gjekk 5. mai einstemmig inn for at Frida skulle flytte heim. kampen enda, til beste for Frida, og til beste for alle andre. Men saka reiser prinsipielle spørsmål, både for forvaltinga og media.

 

"Levva livet", syng DDE. Kommunal avlasting, er ofte tilbodet. Desse to omgrepa har ulik spenst, for å seie det mildt. Like fullt fins det hundretals Fridaer kring i landet, som er på avlasting.

Smak litt på ordet; avlasting. Avlasting, frå kva då, frå meg? Kan hende mange born og vaksne tenkjer nett det, når dei ikkje får bu heime.

Det kan vera mangel på praktisk tilrettelegging i heimen. Ofte små, men naudsynte, utbetringar er alt som skal til for å halde familien saman. I Frida si sak var den valde ordninga i avlastingsbustad dyrare enn tilpasningane heime ville vera. Det gjekk mot rettssak, ei sak som ville koste samfunnet meir enn utbetringane, utan omsyn til kven som ville vinne saka. For ho hadde rett til fri sakføring.

Saka reiser mange juridiske og menneskelege spørsmål. Dei er drøfta i ein eigen artikkel. Men ho reiser og spørsmål kring mediemakt og bruk av denne makta.

 

Mediemakt

Med rette vart saka ei mediesak  for eit års tid sidan. Inkje gale å seie om dekninga av saka som nyhendesak. Sjølv vart eg merksam på saka gjennom eit oppslag i VG.

Men der dei kjenslelada oppslaga stogga, sat eg att med ei rekkje spørsmål:

Kva med Fridas eigen rett?

Kva med barnekonvensjon kontra vergemålslov?

Kva med den praktiske tilnærminga til ulike alternativ?

Kva med kostnader i høve til rettskrav?

Slike utfordringar greip ingen av redaksjonane. Alle sit dei med ressurasar som stigmavakta aldri vil komme i nærleiken av.  Men i ein travel redaksjon, der dei fyk frå ei hending til neste, i eit evig kav om å vera fyrst  og mest synleg, blir prinsipielle saker slept etter fyrsteoppslaga.

Eg er overtydd om at ein tung redaksjon kunne oppklare dei prinsipielle sidene av saka på ein slik måte at kommunen hadde snudd etter svært kort tid. Stigmavakta har ikkje slik mediemakt, og vi manglar kunnskapsbreidda som dei tunge redaksjonane har.

 

Sakfeil

Difor måtte Stigmavakta gå heilt annleis fram. Slik står vi og friare, ettersom vi har ein humanistisk agenda, medan andre redaksjonar skal vera partsnøytrale. 

Då eg kontakta familien, såg eg fort at dei ikkje hadde fått orientering frå kommunen om Frida sine rettar Hennar rett var heller ikkje teken omsyn til i val av alternativ. Eg kobla familien med den unge, men erfarne advokaten Katrine Hellum Øren i advokatfirmaet Ness & Co.

 

 Advokat Katrine Hellum Øren klargjorde rettighetene
 
 

Der Stigmavakta kavar på overflata i eit grumsete juridisk farvatn, kan ho gi synpunkta fagleg tyngde. Med fem år hjå FNs høgkommissær for menneskerettar, har ho bakgrunn for eigne meiningar.

Den ideelle verksemda ULOBA gir likemannsråd. Helga Brun , som har leia eit BPA-prosjekt i ULOBA for born med kognitive funksjonsnedsettingar, gav praktiske råd til den nye tilnærmingsmåten.

 

 Helga Brun med datter Nora (Foto; Magasinet Selvsagt)

 

Etter nokre rundar i kommunen, valde formannskapet å snu seg rundt. Eg vonar at Hellum Ørens argument fekk dei til å snu fordi dei tykte det var rett, ikkje fordi dei truleg ville tape ei rettsak som det no vart lagt opp til.

 

Men

Eg skulle og ynskje at VG og andre oftare gjekk bak sine eigne saker og såg på underliggjande forhold. Eit samspel mellom VG, Hellum Øren og ULOBA ville lagt eit langt sterkare press på kommunen. Resultatet ville truleg ført Frida heim før jul i staden for før jonsok. Det er lang tid i ei ungjentes liv, og til sist er tida den einaste som tel.

Terje Marøy

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no