...
Leiar 5. mai 2010

Fleire skadde i Afghanistan - kva ventar dei no?

Når Stortinget sender folk i krig, veit dei dette: Nokon blir skadd, andre blir drepne. Nokon må drepe soldatar, og nokon opplever å ha drepe uskuldige. Det er premisset for krigsvedtaket, og slikt setjer spor. Det einaste vi ikkje veit, er dagen og timen. Ofte står soldatane åleine med plagene sine. Dei som sendte unge menn og kvinner i krig er ikkje å sjå. Krigsmotstandarane svik soldatane, seier tilhengjarane. Nei, det er forsvaret sjølv og staten som svik dei mest ved ikkje å trygge framtida deira.

 

Her blir soldatane tekne hand om. Kva ventar dei no?

Foto: LARS KROKEN, PRT MEYMANEH/FORSVARET

 

I går fekk vi melding om ei ny krigshandling som skadde åtte norske soldatar. Dei vart tekne hand om på best mogeleg måte i Afghanistan, men korleis blir det frametter? Det er for tidleg å meine noko om tilstanden. Vi får vone at dei kjem frå det utan for store varige skader.

Denne leiaren skal handle om korleis samfunnet  og forsvaret har svike gjennom historia, også den nære historia.

 

SIOPS

Veteranforbundet SIOPS (Soldater i internasjonale operasjoner), har ei pårørandegruppe som sterkt talar skadde soldatar si sak. Før jul la dei fram ein levekårstudie over skadde veteranar. Den var dyster lesing. Mange av dei med fysiske og psykiske seinplager sleit med fattigdom, konsentrasjonsvanskar, dårleg sjølvbilde og depresjon. Pårørande sit med ein son eller dotter, som heilt har endra seg fra slik dei var før. Desse har og mange spørsmål, og møter ofte ei byråkratisk vrangside.

Etter presentasjonen var det ordskifte med fleire stortingsrepresentantar. Forsvarsleiinga glimra med sitt fråvær.

Og slik har det ofte vore. Generalane bruker store ord i festtalane. Ansvarlege styremakter det same. Men når linsene er vendt bort, skjer fint lite. Byråkratane får fritt spelerom, og dei som i beste fall fekk ein medalje, sit at med plagene, spørsmåla og få tilfredsstillande svar.

 

Rabattert ansvar

- Vi har og skal ta eit politisk ansvar for dei skadde, lova stortingsmann Tore Nortun (AP). Det kan han gjerne gjera. Men eit politisk ansvar er ofte rabattert i forhold til normal erstatningsrett. Rabatten er opp mot 70 prosent, hvis ein legg det  det politiske ansvaret for nordsjødykkarane til grunn.

No er soldatane våre statstilsette. Difor har Staten eit soleklart juridisk ansvar som dei ikkje kan springe frå. Men her syner historia like fullt at Staten tek seg til rette, til skade for den einskilde mann.

Krigsseglarane var ikkje statstilsette. Like fultt snaut stortinget dei for løna deira. Hyrene gjennom seks år var samla i Nortraship-fondet, og skulle utbetalast etter frigjeringa. Frå talarstolen var det sagt rett ut frå ein av moiralistane, at ein måtte verne krigsseglarane mot ei stor pengeutbetaling, som mange av dei ville drikke opp.

Så, etter magre år, med store psykiske påkjenningar, kom dei heim pengelense med ei uro inni seg som svært få kunne forstå. Diagnosa posttraumatisk stressyndrom PTSD kom ikkje før på 70-talet. Etter kvart kom nokre kroner, men ikkje før fleire enn naudsynt hadde gått til grunne. Mange av dei døydde før lønedagen.

 

Diskriminering

Ei forbetra erstatningsordning vart innført sist årskifte. Dei nyskadde kjem under denne ordninga. Men når gamle synder innhentar samfunnet slik at dei må endre systemet, kvifor då diskriminere dei tidlegare skadde?

Soldatar blei skadde og på 70-80-90- og 00-talet. Deira levekår blir ikkje betra av at yngre får betre rett. Desse har gjennom eiga røynse kjent kor bratt livet kan vera.

Sviket mot desse vert ført vidare gjennom diskriminering i høve til dei som no er skadd. Ingen er tjent med dette, og som uskadd veteran kjenner eg berre skam.

 

Relativisme = overgrep

Styremaktene har brukt dette argumentet: Full erstatning skal gjevast for uventa hendingar i teneste. I krig er ikkje krigskader uventa, og difor skal ein ikkje ha full erstatning, korkje for akutt- eller seinskader. Dette prinsippet har Statens pensjonskasse praktisert til det siste. Nyleg tapte dei ei rettsak om dette i lagmannsretten. 

Ein tilsett i forsvarsdepartementet vil få erstaning om leselampa sprekk og han får splint i auget; det var uventa. Ein som blir skoten i krig får som venta, og er mest seg sjølv å takke.

Ein veteran frå 70-talet møtte slike argument, etter å ha kome i situasjoner som var langt tøffare enn vanleg, sjølv første tida i Libanon. Etter tre periodar møtte han veggen, og er no 100 prosent arbeidsufør. - Mor di har vore innlagt på mentalsjukehus, difor kan du ha vore disponert for psykisk skade, som er forsvaret uvedkomande.

Javel, dei fleste familiar har tilfelle av psykisk sjukdom. Men det er både hjerterått og brot på grunneleggjande menneskerettar å bruke dette til skade for ein person.

Alle har rett til å bli vurdert for sine eigne sterke og svake sider. Inga utsiling av rekruttar til krigsteneste kan hindre at ein og annan vil få psykiske problem. Å meine dette på førehand om ein person som ikkje har hatt plager sjølv, er å bryte personens rett til å velgje si eiga framtid. Dette ansvaret må og staten ta inn over seg i krig.

Eit døme: Mange foreldre har psykiske problem etter økonomiske kollaps, rus eller anna ulukke. Men slikt er då ikkje arveleg, slik ein trudde då kampen mot såkalla minusvariantar var på sitt høgste før, under og etter krigen - med tvangssterilisering som eitt av tiltaka.

Overgrep er rette ordet for å bruke slike argument i moderne tid.

 

Reelt tap

Mange av soldatane er unge, svært unge. Dei har nett byrja vaksenlivet, før dei havna i ein strid som ligg hinsides det noko arbeidsmiljølov kan trygge dei mot. I trygdesystemet har dei ikkje poeng. Difor blir mange dømt til levekår i armod.

Når styremaktene utset våre ungdomar for ein slik risiko, er det ikkje nok å tilby lågaste uføresats. I det normale arbeidslivet har folk flest fått ei karriere som sikrar dei etter måten brukare levekår om dei havnar på trygd. Soldatane vil alltid ligge i nærleiken av minstesatsane.

Ei lovendring bør sikre ei betre utvikling. Kan hende ville trygdeyrting på kapteinsnivå vera høveleg for dei som manglar arbeidsrøynsle. Det blir mange år dei må leve med skadene sine, kanskje livet ut. Dei er få, det kostar ikkje mykje å gi desse risikoutsettekår som syner dei respekt.

 

Krigen vår

Vi har no vore i krig i åtte og eit halvt år, tre år lenger enn krigen mot Hitler. Mange sider ved denne krigen er fagleg ille stelt. Men det blir ein annan artikkel.

Når no unge menn og kvinner må drepe for statsminsiter, regjering og stortinget, og i dette arbeidet sjølv blir skadde, er det berre eitt svar som gjeld:

Vis dei respekt gjennom handling, ikkje berre gjennom fagre ord utan innhald.

Terje Marøy

(tidlegare major med Libanon-teneste)

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no