...

Leiar 17. august 2010

Skulestart - vaksenlivet byrjar

Lite tenkjer seks-åringen på vaksenlivet, der han med nyrufsa hår, penklede og kul ransel held mor og far i handa til fyrste skuledagen.

Men nett denne dagen byrjar vaksenlivet. Stilt, nesten snikande, skjer ein leikande introduksjon til alvor, eksamensmas og leiting etter arbeid 15-20 år lenger framme. Nokon av borna ser mest melankolske ut. Truleg mest fordi forelderen slepp handa og let ungen sitja att åleine med ukjende. Ingen av dei tenkjer på at det er 61 år til pensjonsalder.

I desse åra skal nett desse små setje sitt stempel på verda, slik ho er tre generasjonar fram, på godt og ilt. Ei stor bør skal leggjast på akslene deira.

 

Stort ansvar

Ein og helst same lærar skal stå saman med dei, ikkje berre fyrste skuledagen, men barneskulen ut. Denne personen vil vera heilt sentral i livet til desse unge. Han eller ho vil opne ei verd av kunnskap, som skal omforme borna til vaksenlivet framom dei. Læraren skal syne veg, der foreldre slepp tak.

Dette er største ansvaret som finst i vaksenlivet i dag. Syte for at dei som skal ta over er klare den dagen turen og ansvaret er deira.

Ein god lærarer er å få den store vinsten. Han byggjer fundamentet framtida skal byggjast på. Ein dårleg lærar, byggjer skralt, og kan øydeleggje mykje for 25 menneske, og dei han sidan får ansvar for. Det finst mange døme på begge typar. Det fins og døme på urettvise lærarar. Eg skal ikkje gå i djupna på dette.

 

Utruleg

Noko som for meg er utruleg, er at læraryrket, særleg i småskulen, har mista sosial status. Med all respekt, Statoil-sjefen Helge Lund leiar ei stor verksemd, viktig for å byggje landet. Men tallknusarar og prosjektleiarar er verda full av. Det fins hundretals berre i Nord-Europa som kan leie Statoil like vel som han.

Men for ungen som byrjar kunnskapslaupet no, er det berre ein lærar. Denne personen har eit ansvar og ei oppgåve som ikkje kan målast mot noko anna.

Eg er no så gamal at eg ikkje bøyer meg i age for nokon, einkvar har sine sterke og svake sider, same kva hylle ein sit på. Men når eg møter ein småskulelærar, bankar hjartet  hardare og snøggare.

Denne personen er viktig, han skal ein høyre på.

 

Samarbeid

Ansvaret for bornas boklege læring er likevel for stort til at det skal liggje i hendene på ein person. Kolleger har plikt til å la seg inspirere av læraren som er særleg dugande. Kollegieter er og dei fyrste som skal fange opp signal om at ein lærar slit.

Det er ikkje rett korkje mot læraren eller borna å feie unna problem. Alle, også ein lærar, er spent i sin fyrste jobb. Dei gjer feil, og dei dummar seg ut. Når eg sjølv ser meg i bakspeilet, ser eg mykje som skulle vore ugjort, og mykje eg skjemmest over. Men eg er ein annan person i dag enn då eg som 18-åring møtte til skulestart på Befalskolen for infanteriet i Nord-Norge.

Ein usikker lærar i dag, er kan hende vegvisaren i kollegiet om nokre år. Kolleger og foreldre har eit sams ansvar for å rettleie på vegen dit. Ikkje for lærarens eigen del, men for dei mange årskulla han skal rettleie i sitt yrkesliv.

Ingen er tjent med å hogge hovudet av ein person fyrste året. Det er med stor skepsis eg fylgjer politikaranes krav om at udugelege lærarar skal lukast ut alt på lærarskulen. Kva veit dei, og me andre, om korleis ein person ter seg etter å ha mogna i livets skule?

 

Lukke til!

Både dei unge, og læraren, ynskjer eg lukke til på ferda.

Terje Marøy

 

 

en skal stå saman med dei

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no