...

Leiar; 05 august 2010

Tortur – ein strategisk boomerang

 Av Terje Marøy

Tidlegare fallskjermjeger og major

Siste: Etter at denne artikkelen blei prenta i Klassekampen, blei eg kontakta av høgtståande kjelder i Forsvaret. I operasjonsordren til Forsvarets spesialkommando sto ingenting om fangehandtering då dei vart sendt ut hausten 2001 og nokre år etter det. Dette er ei forsøming av dåværande regjering og forsvarsleiinga som bør granskast. Dei praktiske verknadene av aktløysa bør og granskast.

 

 

Khalid Sheikh Mohammed etter at han ble arrestert av amerikanske tropper.

 

 
VG melde 8. juni at CIA ikkje berre torturerte krigsfangar, dei eksperimenterte med dei og. Lækjarar samarbeidde om å finne ut kva slag tortur som var mest effektiv. Alt i fylgje ein rapport frå Physicians for Human Rights. Lækjarar til å kvalitetssikre tortur er velkjend frå den krigen vi vart ein del av for 65 år sidan.

Dette bryt både med Genevekonvensjonane sine reglar om krigsfangar, og om Helsingfors-erklæringa frå 1965 om medisinske eksperiment. Ein av dei torturerte er Al-Qaida-toppen Kalid Sheikh Mohammed, som er skulda for å stå bak terroråtaka i USA 11.september 2001.

 

Norsk fangeutlevering

Tortur i krigen mot terror har vore vel kjent sidan Norge kom med hausten 2001. Dei fyrste åra vart fangar leverte frå norske avdelingar til afghanske og amerikanske einingar utan noko formalia. Det vart ikkje oppretta sak, og norske styremakter registrerte ikkje ein gong namna og vidare lagnad til desse fangane. Då eg tok opp dette i eit brev i 2004 var svaret at våre fangar ikkje var krigsfangar etter internasjonal rett. Same svaret fekk partiet Raudt på sine brev.

Dette ligg farleg nær det amerikanske utrykket ”ulovleg stridande”, om fangar som er haldne utan lov og dom på Guantanamo i åtte år. No er det ikkje nokon som kan fråtakast rettsvern med slike omgrep. Genevekonvensjonane gjeld både krig og krigsliknande situasjonar. Om dei er ulovleg stridande har dei rettsvern som kriminelle; som og skal handterast humant.

Seinare har Noreg inngått ein avtale om overlevering av fangar til afghanske styremakter. Den skal sikre at norsk og internasjonal rett skal gjelde for desse. Eg kjenner ikkje til korleis den fungerer eller om Røde Kors har inspisert desse fangane. Men om nokon av dei har blitt torturert eller drepne, har norske styremakter brote den internasjonale strafferetten knytt til krigsbrotsverk.

 

Boomerang

Poenget er likevel dette: Tortur er ikkje ein av dei vestlege verdiane vi vil styrke i land som har meir enn nok av slikt frå før. Ved at vi sjølve nyttar tortur, legitimerer vi at andre gjer det same. Vi må gjerne snu ryggen til terroristen Kalid og andre, men samstundes opnar vi for at Finn Olsen kan torturerast om han vert teken til fange. Vi opnar for at tortur er ein naturleg del av det demokratiet vi vil byggje i Afghanistan, Irak og andre stader der Vesten er i krig.

Slik svik vi både dei norske soldatane og verdigrunnlaget som politikarane seier at denne krigen skal tuftast på.

Al Qaida og andre terrorrøsler har inga interesse av tortur i seg sjølv. For dei er fangar i første rekkje eit bytemiddel, betre enn klingande mynt.

 

Vårt ansvar

Vi – kven er det? Alle NATO-soldatar i Afghanistan er der i kraft av NATO-solidaritet, med varierande FN-godkjenning. Vi er alle med i samme krigen, og medansvarlege for det som skjer. Vi kan ikkje hevde i afghanske lokalsamfunn at dette og hint skuldast amerikanarane, ei slags teskei-sortering av krigshandlingar og krigsbrotsverk. Vi står saman på godt og vondt, og har medansvar for det som skjer. Vi sette heller ikkje etiske eller praktiske avgrensningar om vår deltaking før me gjekk til krig. Ein for alle, alle for ein. Når USA bruker klasebomber, er det ein del av vår eiga krigføring. Når USA og afghanarar massakrerte krigsfangar - eller ulovleg stridande - i containarar i solsteika i 2002 (NRK), var det ein del av vår krig.

Eg utfordrar Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Grete Faremo, som snakkar mykje og fint, men som er svært tagale når ein stiller spørsmål bak fasaden. Kva har de og dykkar departement gjort for å minske bruk av tortur og tvilsame våpen i Afghanistan?

 

Mishandla born

Attende til Kalid. Like etter arrestasjonen melde den konservative New York Post at CIA hadde kidnappa to av hans søner, den gongen åtte og ti år gamle. Ingenting er betre eigna til å få ein far til å snakke enn at borna hans er truga. Denne strategien er norske styremakter vel kjent med, då ein FN-tilsett kvinneleg tolk i den norske styrken i Libanon vart halden fengsla av israelsk-kontrollert milits i torturfengslet Khiam, fordi israelarane og SLA meinte det kunne disiplinere bror hennar i motstandsrørsla.

Her vil eg og utfordre Gahr Støre og Faremo, kva er lagnaden til desse to borna, som i dag må vera i 14-16-årsalderen?

Irrelevant, seier de. Nei slett ikkje. Mishandling av born er den verste av alle tortur-former. Den som teier samtykkjer. Utan at lagnaden til desse er sikra, fins inga grense for tortur i vår eigen krig. Det er feil signal når vi skal hjelpa afghanarane til byggje demokrati i dette landet.

 

Vidare

Eg vil freiste å få kommentarar om dette frå styresmaktene, Norges Raude Kross og Amnesty. Svara blir lagt til når dei kjem.

 

***

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no