...

Siv Jensen rappa solidariteten

(og takk for det)

Som erklært sosialist, og stundom 1.mai-apellant, kunne eg ikkje draume om at det var Siv Jensen eg skulle rose etter 1. mai. Men slik gjekk det altså.

Først likevel ein visitt til AUF-leiar Martin Henriksen. På frokost-tv 30. april sa han dette: - "For meg er 1. mai ein hugselapp." Og han minna oss godt og vel om solidaritet heime og ute, mellom kjønn og grupper.

Siv minna oss om dei som ikkje fins på nokon hugselapp. Dei som har fått almissene, og som deretter er stuva bort og gløymt.

 

Skrytetal

30.000 færre arbeidslause, skryt Jens Stoltenberg på seg. Det kan han gjera i trygg visse om at ingen ser dei som er stuva bort, og som dei raudgrøne seier ikkje skal synast før i 2012 (BPA), og ikkje kunne bevege seg fritt før i 2025 (universell utforming).

Funksjonshindra sine organisasjonar seier at meir enn 90.000 menneske med funksjonsnedsetjingar kan ta seg arbeid, om samfunnet endrar seg eit lite steg. Andre uføretrygda vil i arbeid, men dei klarer ikkje same oppgåvene som før.

Ein skogskar med broten rygg, meistrar ikkje dei tunge taka i skogbruket meir. Men han kan meistre administrasjon i sagbruksverksemda eller ladbruksforvaltinga; ein kontorist som veit kva han snakkar om. Slik kan ein ta yrke for yrkje.

 

Franklin D. Rosevelt

Siv vil bli statsminister. Jens er det. Begge kan miste føtene sine i morgon. Begge vil i så fall få ei dyrt kjøpt livsrøynsle, som vil auke klokskapen deira. Begge ville med ei slik røynsle kunne gjere betre, nett same jobben dei har i dag.

Men. Skjer det, blir dei ikkje lenger utfordra på sine evner. Dei blir kasus i kvar sin bydel i Oslo. Medan det no er veljarane som gir dei tillit, vil det då vera ein kommunetilsett sitt saksframlegg som avgjer om dei skal halde fram i ein jobb dei meistrar. Den kommunetilsette kan finne ut at dei ikkje skal ha sjølstyrt personleg assistanse (BPA), og dermed havnar dei begge i den usynlege arbeidsløyse-køa.

Medan dei sprekaste har sine menneskerettar rotfesta i FNs menneskerettskonvensjon, Den europeiske menneskerettskonvensjon og den norske menneskerettslova, har funksjonshindra sine rettar havna hjå tilsette i kommunane til vilkårleg og sprikande vurdering.

For 78 år sidan vart Franklin D. Roosevelt vald til USAs president, som han og blei tre gonger til. I Noreg anno 2010 ville han neppe fått sin fyrste jobb. Kanskje kom han seg ikkje til jobb-intervju. 56 år etter at Rosa Parks skapte røre ved ikkje å reise seg for ein kvit, blir norske funksjonshindra framleis nekta plass på buss, tog og drosje.

Foto: Finn Ståle Felberg

Judy Heuman som sitter sammen med Franklin D. Roosevelt reformerte Verdensbakens regler om universelt utformet bistand.

070714FSF033.JPG

 

 

IA-Hansen

IA-avtalen var tidlegare arbeidsminister Bjarne Håkon Hansens kongstanke. Han prata så mykje og so høgt at han ikkje høyrde kva andre sa.

Og så undra han seg over kvifor det vart færre funksjonshindra i arbeid, trass alle dei fine tiltaka hans. Kva hjelper det om arbeidsplassen er tilrettelagt, hvis du ikkje får assistanse til å "stå opp om morran", som var eit anna av hans munnhell.

Gjennom forslaget om at arbeidsgjevarar skulle få subsidiert arbeidskraft, ved at funksjonshindra skulle halde fram med uføretrygd utan tidsavgrensning, hissa han på seg mange funksjonshindra. Dei ville ikkje ha eit varig B-stempel heftande ved arbeidet sitt. Ann Kristin Krokan, redaktør for magasinet Selvsagt, var av dei som gjekk klårast ut mot dette. Ho er også medforfattar av boka "Den tause diskrimineringen".

Kona leiar ei mellomstor verksemd, men er kvalifisert for 100 prosent uføretrygd. Eg trur det ville gått ei kule varmt ved middagsbordet om eg berre hadde tenkt tanken på at uføretrygd skulle subsidiere løna hennar. Funksjonshindra som andre treng aksept i arbeidslivet for kven dei er. Fordomar møter dei nok av elles.

 

Dyrt?

Kommunenorge er oppteken av prisen på eit inkluderande samfunn. I høyringa til BPA-lova reknar dei på den eine summen etter den andre, og skrekken spreier seg. Eg har og rekna litt, etter å ha snoka i skattelistene til fem funksjonshindra eg møtte i eit 50-års lag. Alle var i arbeid. Spart uføretrygd og innbetalt skatt gav 2,4 millionar kroner i pluss i samfunnrekneskapen kvart år, eller 48 millionar 2008-kroner på 20 år, for fem personar. Dei tala har ikkje kommunane sine utreknarar brydd seg om.

90.000 funksjonshindra på  trygd er heller ikkje gratis. 20 milliardar (pluss-minus) i trygdeutbetaling kvart år, pluss kommunale heimetenester, er tal som bør motivere til nytenkjing.

Det apartheid-systemet som funksjonshindra møter i velferds-norge, er altså ikkje heilt gratis det heller.

Sjå epilogen til intervjuet med Hanne Sophie Greve. Ho seier og dette:

"Samfunnet skal tilpasse seg mennesket, ikke omvendt."

 

Leiar, 2. mai 2010, Terje Marøy

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no