...

04 mai 2011

Avgrensa aksjonar sparer liv og liding

Osama bin Laden er drepen i ein aksjon som lite har med vanleg krigføring å gjere. No hyller krigspressa drapstoktet i Pakistan. Dei skriv om eit strategisk vendepunkt. Men kvifor håna dei slike løysingar for ti år sidan?

Ta debatten her

Av Terje Marøy

Sjølv om folk flest kjenner meg som pasifist, har eg tidlegare røynsle som fallskjermjeger og offiser (major). Krigsstrategi interesserer meg. Men heilt frå starten har eg vore motstandar av strategien i kampen mot terror. Dette skreiv eg om i boka "De nye korstogenes tid" (Spartacus 2002).

 

Aksjonen mot Osama bin Laden kosta tre-fire menneskeliv. Krigen mot han har drepe fleire hundre tusen. Foto frå Wikipedia

 

Krig er eit irrelevant verkemiddel i kamp mot terror. Etterretning/spaning, eller kjedeleg politiarbeid, er det som kan skaffe informasjonen som kan gi grunnlag for aksjonar, (Det vere seg med politifolk eller militære spesialgrupper). Til dags dato har eg ikkje funne nokon blant tidlegare militærkolleger som på fagleg grunnlag har støtta ein krigsstrategi mot terror.

For politikarar blei det viktig å markere handlekraft. Storkrigar vart sett i gang i Afghanistan og Irak. Fleire hundre tusen menneske er drepne i kamphandlingar frå fleire sider, eller som fylgje av at helsevesenet i krigssonene har brote saman. Sjeldan er ordtaket "Å skyte spurv med kanoner" meir treffande enn i den sokalla krigen mot terror.

 

VG slær inn ...

... opne dører når dei på kommentarplass 4. mai skriv: "Nålestikkoperasjoner som den vi så mot Osama bin Laden, kan være fremtiden i kampen mot terror. De kommer til å erstatte de svære seige krigene vi har sett i Afghanistan og Irak. Og sannsynligvis vil de være mer effektive." Krigshauken Janne Haaland Matlary skriv mykje av det same når ho i same avis (kronikk) viser til at spaning har hibndra meir enn 50 terroråtak dei siste ti åra.

Framtida? Dette er å gå attende til den velkjente og godt fungerende strategien som har vore effektiv sidan 70-talet. Ein burde lært av Israel og Storbritannia som med militærmakt har mislukkast både i Palestina og Nords-Irland. Britane tok til vettet og hausta fred.

Kan hende også krigspressa, som VG, no kan opne for kritiske synspunkt på strategivala. Kvifor blir aldri militærekspertane utfordra på om strategiane er effektive i høve til målet med krigføringa? Kanskje svara deira då vil overraske?

 

Få drepne

I aksjonen som til slutt felte Osama bin Laden døydde ingen av aksjonistane. Tre-fire personar i huset mista vistnok livet. Detaljane vil syne omfanget. Samstundes har krigen mot mannen kosta hundretusental menneske livet, både i direkte krigshandlingar og som fylgje av at helsevesenets infrastruktur kollapsa i Irak og Afghanistan.

Eg er av dei som meiner at bin Laden heller skulle blitt stilt for ein domstol. Vår eiga framferd bør vera sivilisert og fremje rettsorden i verda. Men sjølv om amerikanarane valde annleis, har denne aksjonen avgrensa sivilt skadeomfang i høve til den årelange krigen.

 

Mislukka krigar

Aksjonen var mogeleg, fordi dei amerikanske styrkane denne gongen nytta spaning mot bin Laden sine medhjelparar. Kva om dei hadde satse slik frå byrjinga, i staden for desse blodige krigane, som og vårt eige folk er trekt inn i og betalt ein høg pris for?

Politikarar i alle parti (med unntak av Raudt) har hatt ei blind tru på at bomber og fotsoldatar skal løyse terrorproblemet i verda. Sjølvsagt hjelper det lite mot terroristar i Saudi-Arabia, Jemen, Israels regjering, europeiske byar å bombe afghanske provinsar.

So har då og grunngjevinga sprikt etter det fyrste knusande slaget, som kasta regimet i Afghanistan. Stendig meir desillusjonerte politikarar har endra grunngjevinga i takt med fiaskoane på slagmarkene. Eit av dei sære argumenta er at kvinner vil kaste burkaen om vi drep sønene og døtrene deira i ein vestleg leia krig.

Eit paradoks i dette er at ein leiande humintær organisasjon, Flyktninghjelpen, har støtta denne krigføringa frå dag ein. Dei skulle vite betre enn dei fleste at krig øydelegg føresetnaden for utvikling.

 

Våpenkvile

Spørsmålet blir no om denne vellukka aksjonen vil påverke strategien i Afghanistan. kanskje kan ein no gjere det ein burde gjort i oktober 2001, innføre einsidig våpenkvile. Ein får ikkje fred utan å tale med sine fiendar.

I Afghanistan kjem kraftigaste motstanden frå Taliban. Kanskje har det runne for mykje blod til at hemntørste geriljakrigarar vil gje seg. Kan hende har blodstraumen auka ynskjet om ein slutt. Ikkje veit eg. Men fredstingingar må på eit tidspunkt erstatte våpna. Det handlar om at nokre må ta til vettet, anten Taliban eller vi. Vi kan ta det første steget.

 

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no