...

Har VG sove i ti år?

av Terje Marøy


Aksjonen mot Osama bin Laden kosta fire mennesker livet. Krigen mot han har truleg kosta fleire hundre tusen liv og varig skadde; flesteparten skuldlause sivile.

 

Nålestikk

4. mai skriv krigshauk Janne Haaland Matlary i ein kronikk i VG at godt etterretningsarbeid har hindra meir enn 50 terrorhandlingar i Europa etter 11. september 2001. Kommentator Frithjof Jakobsen skriv i same avis: "Nålestikkoperasjoner som den vi så mot bin Laden, kan være fremtiden i kampen mot terror. De kommer til å erstatte de svært seige krigene vi har sett i Afghanistan og Irak. Og sannsynligvis vil de være mer effektive."

 

Attende til Framtida

Framtida? Jau det kan ein vone, men dette er å gå attende til fortida. Det har i fleire tiår vore fagleg semje om at i kamp mot terror er det berre etterretning/spaning og målretta aksjonar som er effektive på kort sikt. Normalt er dette politioppgaver, som kan supplerast med spesialstyrkar i aksjonsfasen. (Arbeid for å fjerne grunnlaget for terror er ei langsiktig oppgåve som eg ikkje skal gå inn på).

 

Ringeakt

VG har desse ti åra håna venstresida for å kritisere strategien i krigen mot terror. Vi har til og med vorte skulda for illojalitet. Sjølv har eg fått refusert eit tital artiklar i VG der eg nettopp tek til orde for avgrensa aksjonar. I antologien "De nye korstogenes tid" (Spartacus 2002) fekk eg likevel publisert kritikk av strategien og tilrådde ein slik strategi som blei nytta mot bin Laden i sluttfasen.

I desse ti åra har eg ikkje møtt ein einaste tidlegare offiserskollega som har hatt tru på strategivalet. Ei samla krigspresse, som VG, har derimot vore meir opptatt av dei nære utfordringar i soldatlivet enn sjølve strategien. Kan vi vone at Jacobsens kommentar varslar oppvakning og ein ny pressestrategi?

Sjølv om VG er adressat, gjeld det same for ei nær samla norsk presse.

(Innlegget ble publisert i VG debatt 9. mai 2011)

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no