...

Leiar 11 april 2011

Salto berga regjeringa

 

 Faksimile fra Aftenposten

Norges Handikapforbund, Norsk Forbund for Utviklingshemmede og ULOBA (som har utviklet BPA) demonstrerte for rett til brukerstyrt personlig assistanse utenfor Arbeiderpartiets landsmøte fredag 9. april 2011. FOTO: OLAV OLSEN. (Skribenten i brun vest).

 

Arbeiderpartiets salto i BPA-saka berga truleg regjeringa frå eit sviande nederlag i Stortinget. Eit anna spørsmål er om embetsverket har handla illojalt.

Av Terje Marøy


Helse- og omsorgsdepartementets lovproposisjon om kommunehelse og omsorgslov har i teksta avvikla ordninga med Borgarstyrt Personleg Assistanse - BPA. Bokstavane ligg der framleis, men innhaldet er omdefinert. I framlegget er BPA "brukar"-val innanfor kommunens definisjon av assistansebehov. Det er langt frå unna det føremål og innhald som funksjonshindra sjøl har utvikla for å oppnå styring, jamstelling, samfunnsdeltaking - og Fridom.

Arbeiderpartiet har vore splitta om lovfesta rett til BPA. Men eit alvorstungt innlegg frå Tove Linnea Brandvik på landsmøtet 9. april gav eit vedtak som truleg opnar for konsensus når saka skal avgjerast i Stortinget.


 

Stortingsrepresentant Tove Linnea Brandvik fekk landsmøtet til å skrote eit dårleg lovframlegg om BPA

 

Arbeiderpartiets eigen kommentar står å lese her. (Eg vonar å kunne legge ut eit lydspor av Brandviks innlegg seinare).

 

Noko utvatna

Eit framlegg om full lovefesting no fall. Her var partiet splitta på midten. Det vedtatte alternativet som sikrar lovfestra rett til BPA i store ordningar, og utgreiing av andre grupper med føremål om rettsfesting på sikt, fører BPA attende på sporet som vart lagt av Erna Solberg i Bondevik II-regjeringa og vidareført av Sylvia Brustad i førre stortingsperiode.

Det blir kan hende feil å seie at Arbeiderpartiet snudde. Embetsverket sette krokbein på regjeringa så partiet miste fotfestet. Etter ein salto har partiet landa der det sto før valet. Det er no tid for neste steg, saman med opposisjonejn. KrF har alt varsla at dei vil samarbeide om ei god ordning. Høgre og FrP er eg ikkje uroa for, dei har verkeleg vore barrikadestormarar for BPA.

 

Prioritert

Opposisjonen er krystallklåre i saka, like eins SV og storparten av Senterpartiet. Med AP-vedtaket bør ikkje noko hindre rask framdrift i saka. Samhandlingsreforma skal setjast i verk 1. januar 2012. Då bør og rettsfesting av BPA vera på plass. Trass alt er det ikkje mange saker som har så brei støtte i Stortinget som denne.

Arbeiderpartiet er uroa over kostnadene. Men i ei sak som for fyrste gong i menneskeættas historie sikrar Fridom og jamstelling for funskjonshindra innbyggjarar, er dette heller eit avgjerande verdispørsmål. Eg minnar om menneskerettserklæringane; alle - også funksjonshindra - er fødde med same menneskeverd og ukrenkjelege menneskerettar.

Utan BPA er funksjonshindra med assistansebehov fråtekne desse rettane.

 

Reknestykket

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har hatt 20 år på seg til å rekne på kostnadene. Difor har det vore tragisk, reint komisk om det ikkje var for alvoret, å sjå tal hinsides rotfesting i debatten.

Eit reknestykke må innehalde både utgifter og innsparingar. Eg nemner;

  • BPA frigjer helsepersonell, assistentane er stort sette ufaglærte som skal løyse same praktiske oppgåver som vi med fulle kroppsfunksjonar løyser sjølve.
  • Mange nyttar BPA til å skaffe seg arbeid. Det sparar samfunnet for uføretrygd og gir auka skatt. Det gir ein plussverdi på eit to-sifra milliontal kroner for samfunnet i eit yrkesliv.
  • Fleire foreldre kan gå i jobb, noko som sparer sosiale stønader og gir auka skatt. Dette gir store samfunnsgevinstar og i dei høve der den funksjonshindra ikkje sjølv kan ta seg i arbeid.
  • Tradisjonelle kommunale heimetenester kan fjernast. Denne posten åleine vil langt på veg balansere utgiftene til BPA.
  • Institusjonsplassar blir redusert.
  • Funksjonshindra arbeidstakarar kan skaffe sitt eige husvære, der dei sjølve vil bu, i staden for å få tildelt eit ghetto-husvære i millionklassa.
  • Og so vidare

 

Embetssvikt

I Norge er det rekna som ein styrke for demokratiet at eit fast embetsverk sikrar kontinuitet i alle styrings- og lovprosessar.

Då krevst det at kvar embetsmann og kvinne legg sitt eige syn til side der det kryssar regjeringa sin politikk. Eg seier ikkje at ekspedisjonssjef Tor Åm og Øyvind Brandt i HOD har vore illojale, men dei sjølve eller nokon i kretsen rundt har vore det. Dei har omdefinert BPA til ei rein kommunestyrt ordning, der sjølstyringa berre gjeld innanfor kommunedefinerte livsområder. 

Når dei legg seg ut mot 80 prosent av Stortinget, skal både ansvarleg statsråd og statsminister vera orientert i detalj om dette. I januar  i fjor kunne Øyvind Brandt informere om at det ikkje ville bli nokon lovfesta rett til BPA, før fagstatsråden og regjeringspartia var informert. Statsråden visste truleg ikkje dette då ho feilinformerte Erna Solberg om lovfesting i svar på eit spørsmål i Strotinget.

Eg som kjenner saka veit at både Anne-Grete Strøm-Erichsen og Jens Stoltenberg feilinformerte Stortinget. Tor Åm og Øyvind Brandt har ansvar for å vite detaljane, men sette likevel fagstatsråden og regjeringa i ein utsett stilling. Difor bør regjeringa granske prosessen, for å hindre at liknande ikkje hender i framtida, utan omsyn til kven som regjerer.

Embetsverket er ei verna verksemd der folk ikkje kan sparkast utan vidare. Eg veit ikkje om embetssvikten er slik at nokon bør gå, men det vil vera naturleg å vurdere onmplassering.

 

Fridom

Viktigast er av alt er no likevel medmenneske sin Fridom, som mange av oss er villige til å døy for, jfr. våre soldatar i mange krigar gjennom historia. For fleire av oss vil 9. april vera ein merkedag av eit heilt anna slag enn generasjonen før oss. Verket er langt frå fullenda, men ein ser byrjinga på ei tid - der alle innbygjarane i dette landet får smake same menneskeverd.

I ein seinare artikkel vil eg gi ein historiskgjennomgang av kampen for BPA, og stogge ved personar under vegs.

Etter ein lang haust, og kald vinter, vaknar ein ny vår, For Alle!

Sjå Frihetsmanifest

***

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no