...

21 februar 2011

Eit meiningslaust hemntokt slær kontra

Debatt om saka HER

Av Terje Marøy

Alle innsåg at noko måtte gjerast etter åtaka 11. september. Difor fekk og USA med George W. Bush i front ei internasjonal og tverpolitisk støtte som er eineståande i moderne tid. Hender vart strekt over tradisjonelle frontar, gamle fiendar sto på same lag.

Det var så ein mest miste pusten. Der og då var ein samla front mot internasjonal terror. Eg undra den gongen, kan dette halde over tid?

 

Hemntokt

Solidariteten varte i ein månad. Aldri har so få, på so kort tid, klart å pulverisere ein samla multinasjonal front i kamp mot det vonde, som Bush og hoffet hans klarte på nokre få veker. Eit hemntokt utan mål og meining vart sett i gang, utan nokon plan for å stabilisere korkje Afghanistan eller sikre effektive tiltak mot terror.

Å bombe Afghanistan for å knuse terrormiljø i Saudi-Arabia, Tysdkland, London, og kan hende i vårt eige land, var og er ein dårleg strategi. Det blir som å bombe Grønland i Oslo, for å knuse ei terrorcelle i Grimstad.

Ein såg på Al Qaida som ei avgrensa gruppe som kunne kusast ein gong for alle, medan det alt den gongen var klårt at dette var meir ein lausreipa idé. Kven som helst kan planleggje og gjennomføre ein terroraksjon i Al Qaidas ånd, og få si velsigning, heilt uavhengig av kva som rører seg i Afghanistan.

 

Feil på feil

Når fyrst ilt hende, fans ingen plan for å slutte krigen. Åtaket var i seg sjølv velluka militært sett. Taliban-regimet vart knust på få veker og måtte flykte hals over hovud. Då hadde alliansemaktene ein strategisk fordel som ikkje vart nytta.

Der og då skulle vi innført våpenkvile og starta tingingar om ei fredsløysing på vilkår som kunne inkludere motståande krefter i landet. I staden var strategien utrydding. Talibaner og Al Qaida-medlemmer skulle jaktast og drepast.

I utrydding ligg ikkje noko motivasjon for å leggje ned våpna. I staden for å styre utviklinga, blei vi vikla inn i eit uføre som Sovjet hadde mislukkast med 20 år tidlegare. Spreidte geriljagrupper let seg ikkje knekka av militær overmakt. Taliban fekk omgruppere seg, trekkje pusten og føreein krig der dei er best - gerilja.

I staden for å frigjere landet, vart vi part i ein borgarkrig, der vår mann Hamid Karzai står for nett dei samme tvilsame verdiane som motparten har. No kjem erkjenninga, Afghanistan kan ikkje vinnast militært. Men det var nok motkrefter som såg dette alt før krigen starta. Sjølv skreiv eg om dette romjula 2001.

Fleire artiklar ligg HER:

 

Den sivile vegen

Den sivile vegen har vi ikkje ein gong byrja på. Vi trassar gjennom nokre spreidte prosjekt eine dagen, for å sjå dei leggjast i grus den neste. Utan fred, ingen framgang.

Men våpenkvile og tingingar? Nei, det passar ikkje. Vi skal ikkje snakke med slike som Taliban, som både støttar og driv med terror. Og slik går det dag ut og dag inn. Vi forlenger lidinga til det afghanske folket, som part i ein borgarkrig som stendig får ny næring gjennom våre våpen.

Kva om Nato einsidig erklærer våpenkvile og inviterer alle væpna grupper til tingingsbordet?

Kanhende kasta vi frå oss den sjansen i førjulstrida 2001. Men det har gått ti år. Kan hende er sjølv afghanske fiendar no mogne for eit fredsinitiativ? Det Afghanistan ikkje treng, er meir av medisinen som ikkje verkar; drepande militærmakt utan mål og meining.

 

Rolf Reikva

Tidlegare stortingsrepresentant Rolf Reikvam seier dette om grunngjevinga for krigen:

"Først var det bekjempelse av terrorisme som var begrunnelsen."

Terrorkamp er ei politioppgåve. I staden for å samle verda i ein politiaksjon mot terrormiljø i kvart einskild land, vart ufattelege ressursar sett inn i Afghanistan til inga nytte. Ein brøkdel av desse ressursane kunne revolusjonert den politifaglege kampen mot terror, og knytte dei banda som låg i dagen etter 11. september.

"Deretter var det beskyttelse av kvinner og barn som ble brukt."

I staden blir kvinner og barn drepne i hopetal. Vern? Kvinner er undertrykt i dette landet, som i andre land i regionen. Men er dei spurt om løysinga vår? Vår løysing er å drepe deira ektefeller, fedre og søner. Eg klarer ikkje å sjå framsteget i dette.

Framsteg? Karzai-regimet sitt sanne andlet syner seg godt i regjeringas eige syn på kvinnefrigjering. Lov om menns rett til å voldta sine koner er neppe kva norsk kvinnerørsle vil kalle framsteg. Og burkaen; den fanst lenge før Taliban fekk makta, og lite tyder på at Karzai er mann for å skrote dette fælslege plagget.

"Nå er det innføring av demokrati og frie valg som er begrunnelsen."

Kva demokrati blir det av å samle sine eigen flokk og støyte bort resten? Fridom og demokrati kan berre vinnast gjennom fred. Då må tidlegare fiendar ete rundt same bordet.

 

Statleg lureri

"Vi stoppar fienden der, for ikkje å møte han her," har vore forsvarsleiingas fyndord for å lokke norsk ungdom til krigsteneste.

I frykt for nokre hundre drepne nordmenn i uvisse aksjonar i framtida, skal vi med visse drepe tusentals i det fjerntliggjande landet Afghanistan. Eitt trur eg er nokså sikkert. Ein terror-aksjon i Noreg blir neppe gjennomført av afghanarar.

"Den feitaste jobben i forsvaret i dag," påstod rekrutteringsoffiserar som skulle lokke gardesoldatar til krig. Feitt? Neppe for afghanerar sjølve eller norske ungdomar som mister livet i meiningsløyse, eller kjem skadde heim att.

Kva med å vera ærleg?: Krigen kan ikkje vinnast militært, vårt bidrag forlenger lidinga og har inkje positivt å tilføre Afghanistan. Men vi vil vera solidariske med våre allierte, som gjer dei same mistaka som oss sjølve.

Kan hende blir det færre rekruttar til krig, men dei som dreg vil ha ei realistisk oppfatning om si rolle.

Epilog

Krigen er Stortinget og regjeringa sitt ansvar. At den er meingslaus, skal ikkje råka omtanken for dei unge som utfører Stortingets ynskje, og som har trudd på styremaktene sin krigspropaganda. Ein må skilja krigsmotstand frå det å ta vare på skadde veteranar.

Det er ikkje svik mot soldatane å påpeike meiningslaøysa med krigen. Men det er eit svik ikkje å ta vare på dei som kjem skadde heim att.

***

 


...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no