...

Leiar 12 januar 2011

Partipisk mot funksjonshindra?

I Stortinget er det fleirtal for å gi funksjonshindra rett til personlege assistanse, men regjeringa seier nei. Tåler solidaritetspartiet SV å bruke partipiski ei slik sak? I Hordaland har helseministeren fått sitt eige partilag mot seg.

Diskuter saka her

Av Terje Marøy

Regjeringa har lagt fram forslag om å skrote borgar-/brukarstyrt personleg assistanse for funksjonshindra med assistansebehov. Dette er verktøyet som sikrar desse personane jamstelling i samfunnet; innanfor utdanning, arbeid, politisk verksemd, organisasjonsliv elles og sosialt liv.

No seier ikkje regjeringa dette beint fram, men dei omdefinerer ordninga. BPA var utvikla for at funksjonshindra skulle kome seg ut av heim og institusjon. Regjeringa vil avgrense assistansen til heimetenester. Dermed blir fridomen i ordninga borte, Funksjonshindra sit att med ei ordning der dei kan avgjere sjølve kor tid dei skal vaske golvet, men får ikkje assistanse til å kome seg t.d. på jobb.

I denne saka har regjeringa synt maktarroganse på sitt verste. Ikkje eingong partigruppene på Stortinget blei orientert i førehand om desse planane, som er stikk i strid med overtydinga til mange av representantane.

 

Fakta om BPA

  • Borgarstyrt (sjølstyrt) personleg assistanse er praktisk assistanse i kvardagen
  • Fridomsverkty som sikrar jamstelling og samfunnsdeltaking for funksjonshindra med assistansebehov
  • Utvikla av funksjonshindra sjølve i det ideelle og ikkje-kommersielle andelslaget ULOBA. Andelslaget er eigd av funksjonshindra med BPA-ordningar. (www.uloba.no)
  • Heimla i lov om sosiale tenester, men kommunen avgjer om dei vil innvilge ordninga
  • Assistentar, ingen krav til fagkompetanse. Dei utfører praktiske handlingar som snømåking, matlaging, påkledning og anna dei blir sett til av sin funksjonshindra arbeidsleiar.
  • I dage er assistanseordningane organisert gjennom kommunane sjølve 2/3 og ULOBA 1/3. Nokre kommersielle aktørar er på veg inn i systemet.

 

Regjeringa i mindretal

Ein samla opposisjon går inn for lovfesta rett til BPA. Mange representantar i SV, SP og AP har same oppfatning personleg. Men tredjehandskjelder vil ha det til at Arbeiderpartiets sentralstyre har snudd i saka, og slik steller seg bak regjeringas framlegg. I SP ser det ut som Liv Signe Navarsete vil overstyre partigruppa; for henne er det kommunale sjølstyret eit mantra. Om representantane bøyer seg for dronninga si enno ein gong, blir vonaleg avklart snart. I september, tre veker før framlegget, var det stor støtte til BPA i partiet.

Verst er denne saka for SV. I alle relevante fora, i meir enn ti år, har SV vore sjølve garantisten for BPA på venstresida. Politisk har dei hatt ein pådrivvarrolle, særleg synleggjort av stortingsrepresentant Karin Andersen. Fleire andre i SV, både stortings- og lokalpolitikarar, har gitt sterk støtte til ordninga.

Difor må Kristin Halvorsen bruke partipisk av det ilske slaget om ho skal få gruppa med seg. 

 

Tålegrensa

Kristin Halvorsen - blir ho eit mareritt med pisk for funksjonshindra? (Foto odin.no)

 

Jaudå, SV har fått til ein del i regjering, som ikkje synest. Og dei har fått mykje juling for kamelane dei har ete så fort og så mykje av at håra set seg fast i halsen på den jevne velgjar. Resultatet såg me i valet, eit redusert SV. Sidan gjekk det frå ilt til verre. Siste målinga synte 4,8 prosent. Sperregrensa klorar Halvorsen i baken.

Kristin Halvorsen hevdar oralt at ho er ein garantist for solidaritet. Tåler SV den skandalen det vil vera om ho brukar partipisk for å knuse funksjonshindra si von om samfunnsdeltaking?

Sjølv kjenner eg mange som levde i isolasjon i 30-40 år, har blomstra eit ti-år med BPA, som no rusikerer å bli sendt til nytt isolat i heimen. Andre 40-50-60-åringar, som ikkje har BPA, har sett korleis livet er revolusjonert for dei som har ordninga. Vona om nokre få år i fridom blir knust, under solidaritetsalternativets jarnhæl.

"Om dagens velferdsstat ikkje strekk til alle, er ikkje løysinga å stenge ein minoritet ute."

Unge i utdanning ser at; - livet der framme - er ikkje for meg! SVs val kan og bør få konsekvensar for SV i val. Sjølv er eg i SV sitt velgjargrunnlag, oftast får dei mi røyst. Svik dei funksjonshindra i denne saka, tek eg ikkje fem øre for å stemme Høgre eller Framstegspartiet. Då får eg parti eg veit står mot meg i dei fleste saker, men dei vil inkludere funksjonshindra i samfunnet, i dag den viktigaste verdisaka i samfunnet.

Om dagens velferdsstat ikkje strekk til alle, er ikkje løysinga å stenge ein minoritet ute.

Det er denne tankegangen regjeringa har gitt seg inn på. For 20 år sidan, på  nedsida av kloden, kalte SV slikt for apartheid. 

 

Anne-Grete Strøm-Erichsen mot eige partilag

Som forsvarsminister gjorde ho inkje for skadde veteranar.

Som helse- og omsorgsminister vil ho isolere funksjonshindra. (Foto odin.no)

Helse og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har i høve til Stortinget møtt seg sjølv i døra i denne saka. Departementet hennar lakk opplysinga om skroting av BPA i februar i fjor. Erna Solberg tente på alle pluggane og krevde svar. Strøm-Erichsen ba om godt vær, skribenten (eg) hadde misforstått.

I oktober kom fasit. Kan hende hadde eg misforstått. Eg trudde i mi einfald at om lovfestinga ikkje kom, så ville i alle høve dagens mangelfulle ordning kunne vidareførast. Ikkje ein gong eg, med min autoritetsskepsis, trudde at ho ville våge å skrote heilt ei så god ordning.

Så feil kan eg ta. Å isolere BPA til heimen er nett det same som om kjønnsjamstelling skal vera eit spørsmål om kven som skal ta oppvasken.

Ho har og fått sitt eige partilag, Hordaland Arbeiderparti, mot seg. I ei høyringsuttaling som styret vedtok 15. november ber dei  om at lovfesta rett til brukarstyrt personleg assistent blir innarbeida i lova.

 "Lovfestet rett til brukerstyrt personlig assistent

I styremøte den 15. november handsama styret eit forslag om støtte til ein lovfesting av retten til Brukerstyrt Personlig Assistent. Hordaland Arbeiderparti vil stø ei lovfesting av denne retten, og vil be  om at dette blir innarbeida i den nye helse- og omsorgslova."

 

Spørsmål

Denne artikkelen blir sendt til regjeringspartia sine parlamentariske leiarar, med dette spørsmålet:

  • Representantvis er det fleirtal i Stortinget for lovfesta rett til BPA, men regjeringa går i mot. Vil du nytte partipisk for å vinne fleirtal for regjeringa i denne saka?

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no