...

 

Eit menneskerettsbrot under utvikling

UNE-sjef Terje Sjeggestad sto i alle kanalar i går for å overtyde oss om at bortvisinga av marie Amelie var ei klår juridisk avgjerd. "Alle" i Utlendingsdirektoratet UDI og Utlendingsnemnda UNE som hadde vore innom saka hadde same oppfatninga. Slik talar ein byråkrat som berre fylgjer sin instruks.

Av Terje Marøy

 

 

So klar var saka at ho kunne avgjerast i UNE utan at det vart nedsett ei nemnd. Nemndleiaren åleine kunne treffe avgjerda. Kven er denne eine som har så klårt juridisk syn, at han i ei sak som denne ikkje ser rom for tvil? Eg er lite nøgd med at denne frå "de indre gemakker" (Ørnhøi i en annen tråd), skal ligge der som ein ufeilbarleg byråkrat frå ei svunnen tid, utan sjølv å syne andletet sitt.

Juridisk sakfeil

Over utlendingslova står ei anna norsk lov, menneskerettslova. I denne lova er teken inn Den europeiske menneskerettskonvensjonen EMK. I artikkel 6 nr 1 står dette:

"For å få avgjort sine borgerlige rettigheter og plikter eller en straffesiktelse mot seg, har enhver rett til en rettferdig og offentlig rettergang innen rimelig tid ved en uavhengig og upartisk domstol opprettet ved lov."

Og vidare i nummer 3:

"b) å få tilstrekkelig tid og muligheter til å forberede sitt forsvar;

c) å forsvare seg personlig eller med rettslig bistand etter eget valg eller, dersom han ikke har tilstrekkelige midler til å betale for rettslig bistand, å motta den vederlagsfritt når dette kreves i rettferdighetens interesse;

Rett nok gjeld dette domstolshandsaming, men same krav må stellast til den underliggjande saksførebuinga, slik at denne ikkje undergrev rettstryggleiken."

Dentralt i detten er uttrykket "forsvare seg personleg". Menneskerettane hennar bør stå så sterkt at ho av den grunn åleine no må gis opphald til saka kan prøvast rettsleg. Terje Skjeggestad løynde for oss at kvinna enno ikkje har forklart seg sjølv. Då blir det eit menneskerettsbrot å førebu utkasting medan ho sjølv ynskjer å prøve innhaldet i vedtaket.

Røtene avkutta

Eg trur heller ikkje at Marie Amelie treng å frykte politisk forfylgjing i Russland i dag, men det heng saman med at eg ikkje veit kor ho kjem i frå, eller kva årsak familien flykta frå. I Kaukasus fins eit 70-tal minoritetar som lever dels i sterk innbyrdes motsetnad til kvarandre. Men det er ikkje poengert.

Poenget er at ho var rive ut av sitt heimlege miljø som 11-åring. Sidan har ho vandra gjennom Europa utan eit Nansen-pass, når saka no har fått denne symbolikken.

Sju år var ho etter norsk lov eit barn i denne perioden, som mista normal umngdomstid, utvikling og rotfesting. Foreldra har kutta banda hennar. I staden har ho slått rot her til lands. Det blir mangel på normalt utvikla sjelsevner å tru at dette ikkje gjer nok med eit menneske. Tvertom, dette ligg under det som i utlendingslova kallast sterke menneskelege omsyn, som altså ein person i UNE etter si eiga vurdering kan slå strek over.

I denne ungdomstida var det ikkje ho sjølv som avgjorde lagnaden sin, men foreldra. No har ho krav til å få sin eigen situasjon vurdert. Ho er Marie Amalie (flukt- og kunstnarnamnet), ho er ikkje ansvarleg for foreldra sine val.

Overdriven politimakt

Styresmakter og media har kvitvaska politiet sin framgangsmåte. Dei vil ikkje kritisere polititaktiske vurderingar.

Det vil eg gjera. Åtte tenestemenn for å hente ei ung kvinne på Lillehammer, som ope reiser rundt i landet og talar om lagnaden sin? Jauda, ortøket "å skyte spurv med kanoner", kan trygt brukast om denne hendinga.

Kva med å be henne møte opp sjølv, det ville knapt koste togbilletten frå Lillehammer til Oslo. Politiet syt stendig om meir ressursar. Kanhende er det ein ide å bruke hovudet når operasjonstaktikkar skal leggjast.

Symboltungt

Nansen-passet; heller ikkje den gongen hadde norske styresmakter ryggrad. Nansen måtte til Frankrike for å finne eit land som kunne gi passet folkerettsleg status.

Eg har reist gjennom store delar av Kaukasus. På gata i Jerevan ropar ein smågut til ein annan; "Nansen". Nansen spelar ballen får seg. Her er nansen eit heilt vanleg førnamn på gutungar. I heimane ligg oldemors- og tippoldefars Nansen-pass, det er familieikonen deira. Utan Nansen, ville oldemor døydd, bestefar ikkje blitt fødd, mor ikkje påtenkt - og eg sjølv . inkje. Slik er ættesoga i hundretusenvis av Hayastans (Armenias) familiar, og dei minnest dette.

På høgda nett utanfor sentrum kligg ein barne- og undomskule, det er deira Nansen-skule. "Kan du skaffe oss litt jord frå Nansen si grav?"

Under tyrkaranes folkemord i Hayastan vart Nansen den store helten, som berga folk i tusental gjennom sitt internasjonale engasjement og sitt Nansen-pass. Unge og vaksne hugsar han for dette, ikkje for polferdene. Hayastan er det einaste landet i verda, unnateke Norge, der fleire kjenner Fritjof Nansen enn Ole Gunnar Solskjær

To-tre timar i bil mot nord. 7. desember 1988 vart Spitak vlagt i ruinar. Like nedanfor kyrkjegarden, under eit kapell i metall for at det aldri skal rase, ligg Nansen-sjukehuset, gitt av det norske folk gjennom Den norske raudekrossen. Det skal tåle Richter 9 pluss, og er bygd på ei flate, med lette material i taket. Aldri meir skal sjuke begravast i ein steinhaug i Spitak.

Jau, det er symboltungt å bruke massiv politimakt i Nansen-året, på Nansen-skulen, mot ein papirlaus flyktning frå Kaukasus. Det var bra at denne overdrivne maktbruken hende innafor ei slik rame. Den vekkjer oss, og minner oss om at kampen mot det andletslause byråkratiet aldri er over. Kampen mot desse effektive byråkratane, tannhjula i maktmaskineriet, som alltid berre gjer det dei får ordre om.

Tvi vøre.

Terje Marøy

http://stigmavakta.no

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no