...

Leiar 18.10.2010

Framleis Apartheid for funksjonshindra

- Lov i eine handa, spytt i andre, og sjå kva det er mest av, seier nordlendingen. Regjeringa har brote regjeringspartias lovnad om at funksjonshindra skal ha individuell rett til sjølvstyrt/borgarstyrt/brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Samhandlingsreforma kan bli ei ulukke for funksjonshindra.

Av Terje Marøy

 

Borgarstyrt personleg assistanse har fyrst og fremst vore eit fridomsverkty for dei som har hatt ordninga. Den raudgrøne regjeringa vil avgrense fridomen til funksjonshindra, dei som tidlegare vart kalla invalide - eller verdilause som omgrepet tyder. Framleis skal deira fridom liggje i hendene på lokale kommunebyråkratar og salderast i knappe kommunebudsjett. Fridom skal avgjerast av kva kommune og kva postnummer ein funksjonshindra har.

Regjeringa går i eit høyringsnotat 18.10.2010 om samhandlingsreforma mot at funksjonshindra skal ha lovfesta rett til BPA. I "fattiglandet" Sverige har funksjonshindra hatt slik rett sidan 1994.

 

 

Komande statsminister Erna Solberg (?) og dei borgarlege kan sikra grunnleggjande menneskerettar og menneskeverd for funksjonshindra. Den raugrøne regjeringa dolkar både funksjonshindra - og sine eigne partis lovnader.

 

Knapt noko er verre, og meir irriterande, enn å bli sviken av sine eigne. Eg er sjølv sosialist, men no har eg fått nok av regjeringa vår. Dei raudgrøne seier dei skal slå ring om velferdsstaten, men dei sa ingenting om at ringen skulle verne dei som frå før er priviligerte. Ringen blir eit kringvern, som stengjer dei upriviligerte ute. Ved neste val bør denne regjeringa kastast hvis dei framover syner same forakt for likeverd og menneskerett. Rett nok skal dei borgarlege og vera eit trugsmål mot velferdsstaten, heiter det frå vår side. Men i opposisjon er dei raude i stand til å mobilisere seg sjølve og folk her ute til å sabotere forsøk på å bryte ned samfunnsgodene. I posisjon står dei derimot i framste rekkje for å stenge dei ute som ikkje passar inn i dei priviligerte sitt A4-format.

(Eg minner om at dei tidlegare i år kom med framlegg om fleire titusen kroner i skatteskjerpe for funksjonshindra gjennom skroting av særfrådraget). 

 

18. oktober 2011

For funksjonshindra kan dette bli ein merkedag, som nine-eleven er for andre. Dette er dagen då samhandlingsreforma blei lagt ut på høyring. Alt i februar kunne stigmavakta.no avsløre regjeringas planer om å bryte lovnaden om rett til BPA.

Stortingsrepresentant Erna Solberg reagerte og spurte helse- og omsorgsminister Anne-grete Strøm-Erichsen om kva opplegget var. Statsråden gav ei heller kryptisk tilbakemelding, korkje fugl eller fisk, og understreka:

"De signaler representanten har mottatt vedrørende angivelig endringer i regjeringens syn må bero på misforståelser."

Ettersom det var eg som gav Solberg desse signala, var det altså eg som hadde "misforstått". Med fasit i hand, har korkje Solberg eller eg misforstått. Derimot har Strøm-Erichsen skaffa seg arbeidsro ved å bløffe den mest sannsynlege av to statsministerkandidatar etter valet i 2013.

 

 

Helse og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen svikter funksjonshindras rett til frihet, og hun har villedet Stortinget..

 

Fridomen ofra

BPA gjeld retten for funksjonshindra til å nyte det vi andre stader i verda kallar vår vestlege demokratiske verdiar, der personleg fridom står høgst. For regjeringa handlar BPA mest om at ein funksjonshindra skal ha rett til å avgjere kor tid han skal setje assistenten til å vaske golvet og gjere andre huslege oppgåver. Funksjonshindra sitt eiga mål med ordninga - rett til å leve fritt - er tona sterkt ned.

Rett nok skal alle kommunar ha tilbod om BPA til sine innbyggjarar, men dei er suverene til sjølve å avgjere om ein funksjonshindra skal få dette godet. Denne sterke presiseringa av kommunens sjølvråderett, blir alt oppfatta som eit steg attendeav fleire funksjonshindra som stigmavkta.no har snakka med. Dei trur at slike formuleringar kan sementere vrangvilje hjå dei kommunane som alt i dag er vrange til funksjonshindras fridomstrong.

I høyringsnotatet er dei redde for at fridom for funksjonshindra skal rokke ved kommunen sin rett til å råde over desse innbyggjarane sine liv. 

Kven av kommunens andre innbyggjarar ville godta at kommunen til dømes nektar dei å ta arbeid, som fleire funksjonshindra har opplevd i mangel på BPA-vedtak?

 

Fri som fuglen

Alt no er fleire funksjonshindra redd for at fridomen dei har fått leve med BPA skal innskrenkast. Dei har kjent fridomens vind, dei har fått leve fritt, dei har fått leve ut evner og lyster. Å stengje desse inn att i heimane sine eller på institusjon, blir som å setje frie ørna i bur.

Noko døyr då.

 

Mammon rår

Mest er regjeringa uroa over at BPA-ordninga er så mykje betre enn tradisjonelle heimetenester at fleire vil ha den. Og det vil koste meir enn dei tradisjonelle heimetenestene. Tenester der andre enn du sjølv avgjer kva som er ditt beste.

Medan alle parti overgår kvarandre, med rette, i å kritisere Kinas kveletak på sine innbyggjarar, er det nett dette dei raudgrøne gjer mot funksjonshindra. Utan BPA, er det uråd for mange å styre sine eigne val i livet. Dei får ikkje utfordre seg på evner og anlegg som resten av folket vårt.

Det økonomiske argumentet er ikkje ein gong drøfta. Dei nemner utgiftene, men seier ingenting om oppsida. Analyseselskapet ECON har rekna ut at ein firedel av folk med BPA har brukt ordninga til å skaffe seg arbeid. Det gir skatteinntekt for kommunen og spart uføretrygd for staten. ECON syner og at nærståande familie kan ta seg arbeid når den funksjonshindra i familien får BPA. 

Dette hoppar regjeringa over i trongen til å kue den delen av folket som ikkje kan røre seg fritt. Til sist handlar dette om sjølve grunnfjellet i vår samfunnsform:

Skal fridom gjelde alle, eller berre oss priviligerte?

Regjeringa har gitt sitt syn, folket bør reise seg i solidaritet. Dette handlar om langt meir enn nokre titusen i løneskilnad mellom kvinner og menn, eller at sjukelønsordninga skal vera urøyrt.

 

Mitt Liv-kampanjen

Funksjonshindra har med profetisk presisjon rekna ut kva som var i kjømda. Difor har menneskeretts- og BPA-samlaget ULOBA, Norges Handikapforbund og Norsk Forbund for Utviklingshemmede startet Mitt Liv-kampanjen, som skal drive lobbyverksemd for lovfesta BPA-rett.

Arbeidet kan ikkje avblåsast med det fyrste.

Verd å merke seg er at på Mitt Liv-konferansen 27. september gjekk og regjeringspartia inn for lovfesta rett, berre Arbeiderpartiet var noko atterhalden. Både SV og Senterpartiet støtta dei borgarlege sine sterke ynskje om lovfesta rett. Dermed sto partia slik dei sto før vala i 2005 og 2009, alle ville gi funksjonshindra rett til BPA.

Så får ein sjå då, kva hand det er mest i. Vil regjeringspartia våge å setje seg opp mot si eiga regjering?

Alternativet kan bli dramatisk:

Ein Folkeaksjon for Fridom før neste kommune- og stortingsval.

 

***

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no