...

10. november 2010

FOKUS fryktlause kvinner

I undersøkinga om funksjonshindra i norsk bistand, har det kome svar frå FOKUS. Svaret forundrar, og det gleder meg.

Av Terje Marøy

 

 

Frå fokuskvinner.no

Korleis blir dykkar naudhjelpe- og bistandsprosjekt tilrettelagt for funksjonshindra?

Sidan Bistandsdepartementet og NORAD ikkje vil stille dette spørsmålet, og slik kontrollere at organisasjonane driv i tråd med vedteken politikk, har Stigmavakta sett det naudsynt å stille det. 

Alt for ofte, også i samband med mi undersøking, er ideelle organisasjonar svært så angstbiterske. Dei er uroa over om påviste manglar kan påverke offentleg støtte og privat givarglede. I staden for å seie beint ut at dette og hint har me ikkje tenkt på, velgjer mange å gå omvegar, kan hende strekkje sanninga litt lenger enn naudsynt, for ikkje å ripe til fasaden. Dei vel å sjå ein annan veg.

Så bortkasta energi,i staden for å ta til seg Stigmavaktas motto: "Ingen skal dømast for sine feil, men for evna til å rette dei." 

 

Fokus seier i staden dette:

FOKUS er einparaplyorganisasjon for 74 norske kvinneorganisasjonar. Deira FOKUS er tiltak som skal få kvinner opp og fram. Dette har vore og er ei prioritert oppgåve i norsk bistandspolitikk.

"Det er imidlertid ingen tvil om at det er forskjell på teori og praksis, og i FOKUS har vi ikke på noen systematisk måte informert våre medlemmer og partnere i sør om gjeldende internasjonal og nasjonal lovgivning på feltet, og ikke heller ikke bedt om rapportering på hvordan funksjonshindra involveres i prosjektene. Vi vil i første omgang utvikle retningslinjer på tematikken, for så i neste omgang å sørge for at bevisstheten om dette temaet heves ved å be om at partnere redegjør for hvordan funksjonshindra innlemmes i aktivitetene."

Mot til å sjå seg sjøl i spegelen, og evne til å gjera noko med biletet, er den viktigaste eigenskapen for eiga utvikling. I mitt hovud syner FOKUS at dei har ei slik evne.

 

Ingen tvil ...

... om at det er skilnad på teori og praksis.

Klårare kan det ikkje seiast, og det er dei sjølve som seier det: FOKUS harikkje hatt fokus på funksjonshindra kvinner i arbeidet sitt. Men dei seier og at dette skal dei no gripe tak i på ein seriøs måte. Det vil lyfte fram ressursar som er like ukjende i bistandslanda som her heime.

Dei siste åtte åra har eg lært meg dette. I mange skrøpelege skrog sit ei glitrande kjerne. Denne perla skal desse kvinnene no få syne fram

74 organisasjonar. Eg undrast på kor mange kvinner desse kjem i kontakt med. No skal funksjonshindra kvinner få sin naturlege plass i desse nettverka.

 

Verdt det

Eg veit at Stigmavaklta irriterer mange, også miljø som tradisjonelt skulle stå meg nær. Dette eine svaret, frå 74 kvinneorganisasjonar, er nok til at undersøkjinga har oppfylt mitt mål. Det var nettopp å få organisasjonane sjølve til å ta utfordringa.

Ikkje berre det. Om Stigmavakta skulle stoppe i morgon, så har FOKUS sitt svar gjort at denne nettsida har hatt ei oppgåve.

 

Julestrid

No er det julestrid. Kommersen glefsar grådig i seg innhaldet av landets debet- og kreditkort. Om eit par dagar kjem bondeangeren. Det hjelper kan hende litt både på samvit og sjølvbilete om ein sum blir sendt til nokon som treng han betre;

som FOKUS

- og Sierra Leones Venner, men det er ein annan historie.

***

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no