...

05 desember 2010

Sjukehuskrigen: Medan vi ventar på Katla

Er det no så sikkert - at verdas beste sjukehus gir verdas beste sjukehusteneste?

 

Av Terje Marøy

 

 

Katla er dekt av Myrdalsjökull. Ved utbrot kan brå smelting danne øydeleggjande jøkullaup.

 

Er det no så sikkert - at verdas beste sjukehus gir verdas beste sjukehusteneste?

I dag står demonstrantar frå store delar av distriktsnoreg og frys attmed Stortinget. Dei er ilskne over helseverksemdene, som vil byggje ned lokale akuttilbod og småsjukehus.

Samling av sterke fagmiljø, er mantraet som tel. Små sjukehus kan aldri byggje sterke fagmiljø, om ein tenkjer premisset storleik.

Eit rikt land som Noreg kan byggje nokre av verdas beste sjukehus i Oslo, Trondheim og Bergen. Kan hende og i Tromsø. Me kan skipe verdas beste sjukehustilbod i dei same byane og næraste omland. Om ynskjet er å lage eit diskriminerande sjukehusvesen, er samling vegen å gå.

 

Distrikta

Noreg har sterk desentralisert busetnad. Mykje av verdiskapinga skjer der ute. Busetjing der ressursane fins, har vore ein føresetnad gjennom tusenåra, og ei politisk målsetjing i etterkrigstida.

Velferdsstaten er tufta på at folk skal ha dei same offentlege tilboda der som i bystrok. Det er velferdsstatens fundament ein tuklar med når ein så viktig bolk som lokale og regional akutt- og sjuketilbod blir bygd ned.

 

To åtvaringar

To hendingar dei siste 15 månadene viser kor sårbart eit moderne samfunn kan vera. Begge hendingane viste seg å vera av dei mindre slaga. Men dei gav grunnlag for ettertanke.

 

Svineinfluensaen

Den blei handtert som pandemi, sjølv om den knapt var verre enn sesonginfluensaen. Om ho hadde vore så alvorleg som frykta, ville både sentrale og lokale sjukehus blitt overfylde av daudssjuke pasientar.

Er det trygt å samle seg om nokre få storsjukehus?

Sjølv ville eg nok heller liggje i ein korridor på vesle Ski sjukehus enn å sitja fastlåst i trafikkork gjennom Sinsen for å få plass på Oslo universitetssjukehus eining Rikshospitalet, eller kva nå det moderne namnet skal vera.

Innimellom blir og sjukehusa sjuke. Lokale infeksjonar, gjerne av resistent slag, kan lame deler av eit sjukehus - eller heile sjukehuset. Vil eit storsjukehus kunne sikre seg mot dette, eller vil kanhende småsjukehusa vera eit nyttig supplement?

 

Katla

Eit argument for sentralisering er betre samferdsel. Fly og helikopter sikrar kjapp og effektiv sjuketransport.

Vulkanen under Eyjafjallajökull smelta breen og spydde glasoske fleire kilometer til værs. Fleire jagarfly i Finland fekk motorane øydelagt etter at dei av vanvare kom inn i oskeskya. Flytrafikken i heile nordeuropa vart lamma.

Sjuketransporten som sjukehus-sentraliseringa er tufta på, vart stogga i Noreg. Eg trur at folk i grisgrendte strok heller vil dra til eit heller mindre utstyrt småsjukehus, enn døy heime medan dei ventar på at vulkanen skal roe seg.

Eyjafjallajökull er ein fjert i høve til Katla like attmed. Dei to vulkanane har historisk fylgt kvarandre. Sist Katla kom fanst ikkje flytrafikk, men det var vått og kaldt i skyttargravene på vestfronten. No er ho på overtid. Eit utbrot i Katla er av eit slag som endrar alt. Eit par år med vinter, is på Themsen i juni, flyforbod i like lang tid.

Katla har ord på seg for å vera mannevond, i røynda enno verre enn draken i Brørne Løvehjarte med same namn.

 

Hauststormane

Elløes treng vi ikkje vente på Katla. Haust- og vinterstormar er det mange av, kvart einaste år. Dei stoggar og lufttrafikken, som er eit grunnpremiss i sentraliseringsdiskusjonen.

 

Informasjonsmangel

Er vi budd på slikt?

Er vi budd på andre høve som som tilseier at desentralisering og av sjukehus er klokt?

Eg kan ikkje sjå at styresmaktene har lagt evalueringane etter desse to åtvaringane fram for folket.

 

Sterke fagmiljø?

Eg trur på argumentet om at ein kan byggje sterkare fagmiljø på eit stort enn eit lite sjukehus. Det skulle berre mangle, sett til skilnaden i ressurstilgang.

Men tilgang på sjukehus er ein kvalitet i seg sjølv. Ny teknologi kan bøte på noko av den faglege skilnaden. Diagnostisering, biletutveksling, film av undersøking og operasjon, og mangt anna eg ikkje har føresetnad for å vite noko om, opnar for at det lokale fagmiljøet kan styrkast med dei framste spesialistane med nokre få tastetrykk.

Igjen, eg vil heller ha tilgang til eit mindre sjukehus, enn å venta på det største og beste til eg er dau.

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no