...

15 november 2010

Saka løyst - menneskerettsbrot kvitvaska

I fleire saker ser ein at politikarane varslar regelendringar når enkeltsaker får urimeleg resultat. Dermed blir embetsverkets lovbrot kvitvaska, og vi får ikkje evaluert grumsete haldningar i til dømes UDI og UNE.

Av Terje Marøy

Navrud-saka er løyst, og familien blei i helga samla i Åmot.

Det var bra at statsminister Jens Stoltenberg tok grep då fyrst UDI og deretter UNE ville bortvise den filippinske kvinna Laila Navrud etter at ho hadde misforstått ein kode i opphaldsløyvet sitt. Det kan og vera greit at han presiserer utlendingslova betre; uklare lover er ein styggedom.

Men i denne saka var reglane krystallklare. UDI og UNE sine vedtak braut grunnleggjande rettar etter barnekonvensjonen. Dette skulle dei hatt refs for. Når løysinga vart regelendring, fungerer endringa i røynda som kvitvasking av eit svært alvorleg menneskerettsbrot.

Dermed får ikkje UDI- og UNE-leiarane det korrektivet som kan få dei til å respektere norsk og internasjonal lov i andre saker.

Lovbrotet

Det fins inga sak, ikkje heller ei innvandrings- eller bortvisingssak, som kan avgjerast av ei lov åleine. Alle saker skal handterast etter ei samla vurdering. Ulike lover skal vegast mot kvarandre, i eit system der dei viktigaste har forkjørsrett hvis dei er motstridande. Slik må det vera, for Stortinget kan ikkje sjå føre seg kvar einaste sak i samfunnet. Her var det UDI og UNE gjekk seg vill.

Eg skal hoppe over det urimelige i at ei misforståing hjå Laila Navrud fekk verst tenkjeleg konsekvens når ho havna i klørne på utlendingsmakta.

Grøvste feilen var at dei vurderte henne isolert. Den vesle sonen i heimen var norsk borgar, og skulle vernast av norsk lov. Den sterkaste av hans rettar er barnekonvensjonen.

Den slær fast:

  • Barnets beste er barnets rett.
  • Barnets beste er å vekse opp med begge sine foreldre.

Det er ikkje til barnets beste å bli riven opp frå heim og slekt i eit velferds-noreg for å vekse opp i fattigdom på Filippinene.

Verre var ikkje denne saka. Hadde UDI og UNE sett familien samla, i staden for å isolere eit familiemedlem, ville saka blitt løyst før ho tok av. I staden har familien vore gjennom eit kjenslesamt og økonomisk mareritt.

Sjølvsagt fins unntak. Tunge kriminelle skal ikkje kunne motsetje seg bortvisning grunngjeve med at dei har born, nett som dei ikkje kan sleppe fengsel av same grunn. Men dette var ikkje tilfelle i Navrud-saka.

UNE-direktør Terje Skjeggestad

... fnaus av kritikken i saka. Den varsla regelendringa gjev han grunnlag for sitt hovmod. Men rett politisk handtverk ville vera å gi både han og UDI-direktør Ida Børresen ei skrape for handlemåten. Det er justisdepartementets plikt. Det er eit leiarproblem om Skjeggestad og Børresen godtek menneskerettsbrot innanfor sitt ansvarsområde.

Feil ressursbruk

Eg skal ikkje gå mykje inn på ressursbruken. Men her har UDI og UNE brukt store ressursar på ei ikkjesak. Mora har sjølvstendig rett til å bu i landet gjennom sitt ekteskap. Sonen har rett til å vera saman med mora etter overordna menneskerett. Særkullsbarnet på filippinene har rett til å bli sameina med mor si. Heile saka var altså å finne ein byråkratisk grunn til å skilje familien, til skade for alle, og utan fordel for nokon.

Saka er og eit døme på embetsstyring, der embetsverket tek seg til rette etter eige hovud, med sviktane dømekraft - og kan hende dårlege haldningar og fordomar. Slik bør ho tene til åtvaring for både politikarar og oss andre.

Sjå Debatt

***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no