...

Framstegspariet vil jamstelle TT-reisande

Fleire hundre tusen har Tilgjengeleg Transport TT som einaste transporttilbod i dagleglivet. Ordninga varierar etter kva fylke ein bur i. FrP vil samordne rettane.

Av Terje Marøy

Både på kommunalt og fylkeskommunalt nivå ser ein at sjølvstyre er det same som diskriminering. Når det gjeld velferdsgoder er dette heller regelen enn unnataket. Eit døme er tilgjengeleg transport, TT-ordninga, som varierer sterkt frå fylke til fylke.

No har Framstegspartiet protestert mot denne diskrimineringa, gjennom eit framlegg frå representantane Vigdis Giltun, Bård Hoksrud, Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Arne Sortevik, Robert Eriksson og Laila M. Reiertsen.

 

Regjeringas åtak på funksjonshindra:

Regjeringa har sett i gang systematiske åtak på funksjonshindras fridom og jamstelling:

  • Desentralisering av Hjelpemiddelsentralen  
  • Skatteskjerpe i ti-tusen-kronersklassen for funksjonshindra arbeidstakarar
  • Avvikling av BPA-ordninga, (omdefinering av ordninga gjer den til ei heimeteneste, ikkje som no, eit verktøy for samfunnsdeltaking utanfor heimen)
  • Enkeltsaker syner same utvikling
Dei raudgrøne si svekking av funksjonshindras levekår er og blir omtalt i tekstboks Apartheid på norsk.

 

Stigmavakta er heilt samd med Framstegspartieti TT-saka. Det skal ikkje vera slik at velferdsgoder varierar frå fylke til fylke, kommune til kommune. TT er i tillegg dårleg organisert og ei svært dyr ordning. Vi har difor bedt partiet å sjå på alle sider av ordninga. Brevet til forslagsstillarane er lagt ut nedanfor:

 

Skjermbrev av 14.11.2010

Eg er svært glad for forslaget om like vilkår for TT-transport i heile landet. Det er ei skam at velferdsgoder skal variere med kva fylke eller kommune den einskilde bur i.

Men, nokre detaljer vil eg gjerne at de tar med dykk i den vidare handteringa av saka.

 

Prisane
TT-prisane er ute av kontroll. Når fylket gir ei TT-ordning verdt td. 4000 kroner, så konfiskerer drosjenæringa opp mot 3000 av desse kronene, eller 2,5-3. kvar kilometer.

Konas bil er på verkstad denne veka. Vi nytta i går laurdag 13. november TT-ordninga for å gå på kino. Frå bustaden vår til Ski sentrum er normaltaksten for drosje omlag 100 kroner for desse omlag 1500 metrane. TT-kortet var trekt for 388 kroner, 776 kroner tur-retur.

Det fins ikkje sakleg grunn for denne skilnaden, med mindre alle kostnadene ved stortaxi blir skrivne på funksjonshindra og eldre.

På sida av drosja var til dømes opplyst fasttakst frå Oslo til Gardermoen, 680 kroner. Altså 100 kroner billegare enn for tre kilometer tur-retur Elligsrudlia-Ski kino.

I fylgje ei kjelde som eg ikkje har fått sjekka ut, har opp mot ein halv million menneske TT som einaste transportalternativ. Når drosjenæringa et opp tilskotet, opplever desse reint faktisk isolasjon i heimen. I staden for ein tur i veka, får dei kan hende ein tur i månaden, og knapt nok det.

Det verkar som om bileigarane kan krevja ekstra for feste av rullestol. Men dei vil ikkje kreve ekstra for å sikre koffertane til ti passasjerear. Ei slags legalisert utgåve av ordtaket "leilighet gir tyv", og byråkratane bryr seg ikkje.

 

Foslaget ...
.... dykkar bør resultere i gjennomgang av heile systemet rundt TT, slik at ikkje dårlege avtalar blir ein del av det nye systemet.

 

Endring av konsesjonane
TT er i dag ein konstruksjon, sett til orgnaiseringa av transporten. Tilskotet til den enkelte bør sjølvsagt betrast. Men større effekt kan løysast med endra vilkår for drosjeløyve.

I dag skal TT helst tingast dagen i førvegen, noko som drep ein spontan levemåte, eller fridomen til den einskilde.

Ettersom FrP er kritisk til offentlege reguleringar av private verksemder, er eg usikker på korleis de stiller dykk til denne delen av argumentasjonen min.

I dag fins tilgjengelege drosjar i standardproduksjon. Type stasjonsvogner, som i London, og meir moderne i San Francisco, er tekne i bruk i ei lang rekkje land vi kan samanlikne oss med.

Ingen kan starte drosjekøyring utan løyve. Difor kan drosjenæringa enkelt reformerast, ved å stille krav om tilgjengeleg materiell, i staden for som no, at TT-løyve blir eit særgode for dei som vil skaffe seg stor-drosje.

Krav om tilgjengeleg bil kan knyttast til nye løyver. For gamle løyver kan overgangen skje ved bilbyte.

 

Diskriminering
Til sist vil eg påpeike at dagens praksis, både i høve til forslaget dykkar og mine kommentarar, er diskriminerande. Intensjonane både i menneskerettskonvensjonane og diskriminerings- og tilgjengelova forutset like rett til alle innbyggjarar i landet.

Slik sett meiner eg det er lovbrot når kommunalt og fylkeskommunalt sjølstyre gir ulike rett knytt til likt behov. Rettskilnaden kan etter mi meining fokuserast betre i slike saker.

Liv Signe Navarsetes mantra, det kommunale sjølstyret, er gjennomført diskriminerande når det handlar om velferdsgoder.

***

EPILOG: Sosialistisk dilemma

Eg har dei siste 30 åra vore open sosialist, og vandra mellom AP, SV og RV (Raudt), litt varierande etter velgjargrunnlaget for desse partia i min valkrins. Difor kjenner eg medansvar for dei systematiske åtaka mot funksjonshindra som den raudgrøne regjeringa står for.

Det er viktig for alle som definerer seg ideologisk solidarisk å stå opp mot rasering av velferdsgoder, utan omsyn til kven som har regjeringsmakt.

Lette fråsegn om at Høgre og FrP vil rasere velferdsstaten er eit mantra, som ikkje kan nyttast utan sakleg forankring. No er det dei raudgrøne som vil setja funksjonshindra ti-år attende. Ein ser tydelege liner attende til Sosialistiske legers forenings kamp mot sokalla minusvarianatar på 30-40-50-talet. Eg oppfatter tvert i mot at Høgre og FrP er garantistar for fridom og jamstelling for menneske utanfor dei priviligerte A-4-grupper.

Døme på at FrP og Høgre har forstått ting våre eigne ikkje ser, finn vi og i Stigmavaktas spalter.

Sjå  Siv Jensen rappa solidariteten

Sjå  BPA-ordningen står i fare

Sjå  Frihet skal rasjoneres

Så vil desse to partia rett nok sjå på andre sider av velferdsgodene. Det blei eit sabla spetakkel då forslaget om ei mindre justering av sjukelønsordninga for elles friske arbeidarar var oppe. Kva er ein karensdag i arbeidsgjevar-perioden, og kanskje ein ny i NAV-perioden, samalikna med at funksjonshindra arbeidstakarar skal får ei skatteskjerpe på 30.000 kroner, eller sendast attende til heimen. Det er berre to døme på raudgrønt vanvit.

Eller likesæle, som i fylgje Eli Wiesel er det motsette av kjærleik.

Eit tredje døme kan vera at ein mann med multipel sklerose som kan gå tre steg frå rullestolen til bilen sin, ikkje får tilpassa bil, men hengar for stolen. I snøkav må han parkere bilen ein stad. Hengar og last må han slepe rundt i byen til neste ledige plass. Så kan han setje seg i rullestolen. Ordninga høver betre for ein topptrena vektlyftar enn ein funksjonshindra. Det sit byråkratar med høg løn og får raudgrøn signing for slikt.

- Jeg tror jeg er kommet til feil klode, sa Sigbjørn Obstfelder for hundre år sidan.

  ***

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no