...

24 desember 2010

God Jul - til alle "svake grupper"

Svake grupper, kven er det? Du skal vera sterk for å tilhøyre ei svak gruppe her til lands.

Av Terje Marøy

 

 

 

Du høyrer det kvar dag, sagt i beste meining. Kvar ein og samfunnet må taka vare på dei svake mellom oss, som tilhøyrer svake grupper. Ikkje berre det, sa ein politikar ein gong, eg er talsmann for dei svakaste blant dei svake.

Grupper? Rasistisk tenkemåte er å bli vurdert etter gruppa vi tilhøyrer, i staden for at det unike mennesket ein er skal gi oss vørdnad etter kven og kva vi sjølve er. Rasismetenkinga strekkjer seg lenger enn til skinnfarge.

La oss nå sjå på menneske bak stereotypane. Sjølve levemåten deira syner ein styrke, ein ressurs, som samfunnet kastar frå seg. Overfladisk lapping på eit fordomsfullt menneskesyn, gagnar korkje den einskilde eller samfunnet.

 

Nordsjødykkarane

Nei då. Dei var blant dei sterkaste så lenge dei kunne symje rundt i djupet og hente opp det svarte gull, som for dei vart djevelens ekskrement. Oljeselskap, dykkarselskap og styresmakter gløymde å fortelje dei at trykkgåta ikkje var løyst. Cellene i skrotten deira var som våre, gjennom milliardar av år utvikla til å tåle eitt kilos trykk. 15 kilo var for mykje for desse cellene, dei kollapsa etter eitt - to- fire - åtte år. Ingen klarte trykket.

Frå å vera dei sterkaste, havna dei i svake grupper, saman med andre maktlause som kan skrotast.

Slik som gjerne hender når pengekjelda tørkar, blei også dei kalla grader av invalide. Verre enn som så. Styresmaktene ville ikkje gi dei ein yrkesskadediagnose. Det ville gjort klårt at dykking var farleg. Nokon kunne reise verdispørsmål. Difor var det lettare å kaste dei på sophaugen.

Verdas beste land å bu i. Narrane får meg til å le. Vi er verdas beste  land å bu i fordi vi med opne augo valde å skrote 2-300 av våre landsmenn. Ein meklar i oljerondet får meir utkome på eit par år enn landets samla kompensasjon til dykkarane.

 

Dei hardføre

På ei kåring av verdas ti tøffaste ville eg sjølv setje Børre Ousland høgt. Han tek 50 kuldegrader på strak arm, med det varmaste og beste utstyret som kan skaffast for pengar. Kva då med fillefransen som ligger attmed Akerselva, i krypande 20 minus, ein isnande sno. Mellom papplater og i ei fillete dynejakke, med loffreinsa raudsprit som julekos - eller enno betre ei sprøyte på juletilbod, skal han stri natta av. Ikkje berre julenatta, men kvar natt vinteren gjennom meistrar dei overleving under kår som kan knekke dei mest vellukka mellom oss.

Kven er sterk?

 

Lukka er ...

... å feire jul med dei ein er glad i. Slik og for slitarane i eldreomsorg og heimetenester. Turnusen går ikkje i hop. Landet rundt ligg funksjonshindra og eldre i senga si i jula. Det er ikkje råd å få dei opp og ut.

Nokre få funksjonshindra har fått innvilga noko som heiter borgar/brukarstyrt personleg assistanse. Dei kan sjølve leggje opp jula som alle andre. Dei får seg sjølve opp og ut med assistentar som ikkje dreg arbeidskraft frå helse- og omsorgstenestene. Dei har smakt fridom. For dei komande åra vil regjeringa skrote denne ordninga. Arbeidskvinner med funksjonsulikskap skal i jamstellingas namn attende til kjøkkenet.

Frå å styre sjølve, skal dei saman med andre funksjonshindra og eldre bli styrt av andre. 

Ein skal vera sterk for å tåle slik urettvise, i verdas beste land å bu i.

"Det verste du kan gjera mot eit menneske, er å ta frå det ansvar og grunngjeva det i omsorg," seier teolog og politikar Inge Lønning. Godt sagt.

 

Nokon ...

... har det ein kaller kognitive avvik. Dei tenkjer ikkje like fort og ille som me "vanlege". Difor kan vi sjå ned på dei.

Kvifor skal slike nøye seg med verna arbeidsplassar, når dei med litt tilrettelegging kan gjera fullgod nytte for seg. Så langt har eg berre sett at ULOBA i Drammen har gitt dei vanleg arbeidarløn.

Du skal vera sterk om du med eit litt anna tankesett skal greie deg i den verda andre har skapt for seg sjølve.

 

Fattige

I verdas rikaste land opplever fleire fattigdom i år enn i fjor. Innsatsen mot fattigdomblant born og unge skal forsterkast, sa Regjeringa etter valet i 2005. Sidan har talet auka med 50.000, utan at dei andre kom seg or krisa.

Dei fleste av desse borna vil klare seg godt når dei står på eigne bein. Er det rett å kalle dei svake?

 

Juletreet ...

... glitrar i dag. Vi går kring det og syng lovsangar. Så vert det og skrota. Nokre tre havna i ein makaber konkurranse alt før jul. Den krokete furua i Alta, som hadde stått han av i vinterstorm og sno. Som eit krokete vitne på at også nord mot ishavet finn ein det fagre - ein skog. Ho vart kappa ned, stilt opp på torget - til lått og løye. Fordi ho var så stygg, vart ho skrota alt i advent.

 

Og dei sterke?

Dei sterke er slike som deg og meg, som med jarnskodd hæl kan trakka på dei som skil seg ut. Kva gjer det med oss?

Takk for at eg ikkje er som han stakkaren der, sa hin fariseear då han breiska seg i Guds tempel.  Kor svak er det moglege å bli!

***

 

 

 

 

 

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no