...

Leiar 03 januar 2011

Godt nytt år?

Mangt skal hende i det nye året. Men får vi eit godt år?

Av Terje Marøy

Jaudå. Folk flest har eit godt år i vente. Andre møter armod. Pengar på bok har vi, men no blir det knipe att. Velferdsstaten kostar for mykje. Solidariteten blir sett på prøve.

 

Regjeringa tykkjest ...

... vera meir oppteken av å sikre den velferda vi har, framfor å arbeide fram nye reformer. Tanken er usolidarisk. Den sementerer ulikskap. Alle har ikkje fått del i velferdsgodene, dei skal framleis haldast utanfor.

Best ser ein dette i framlegget til ny kommunehelse og omsorgslov. Den vil svekke rettstryggleiken for alle, og setje funksjonshindra fleire tiår attende i utvikling.

 

Svekka rettstryggleik

Kommunane gjer så godt dei kan, men det dei ikkje kan hanglar framleis. So mykje hanglar det at vi og her i landet får det ein kan kalle interntbortdrivne eller innelandsflyktningar. menneske med funksjonsulikskap har i fleire år flytta frå vrange kommunar, til kommunar som vektlegg jamstelling for alle borgarar.

Mykje av det vrange er i strid med lovar og stortingets intensjon med lovvedtaka.

Innanfor helse- og omsorgssektroren har både Helsetilsynet og Fylkesmannen hatt makt til å oppheve ulovlege eller dårlege kommunale vedtak. I regjeringas framlegg skal denne makta bort. Dermed blir det lettare for kommunane å skrote gode ordningar for dei innbyggjarane som treng det mest.

Om ein vil motsetje seg eit vedtak, må difor saka sendast til domstolane med personleg prosessrisiko. ikkje alle ser seg råd til å investere fleire hundre tusen kroner for å prøve sin rett. Rettstryggleiken blir vidare truga av at mange i desse gruppene har dårleg råd, og difor ikkje vågar å ta prosessrisiko.

Dei mister eit lågterskel rettsmiddel dei i dag har, og som er gratis.

 

Haldast nede

Funksjonshindra har til alle tider vore utestengde og diskriminert i samfunnet vårt. Takk vere fyrst og fremst den ideelle verksemda ULOBA, har funksjonshindra sjølve bygd opp ei ordning som opnar samfunnet for dei. Med ordninga borgar-/brukarstyrt personleg assistanse BPA kan funksjonshindra i dag ha eit sosialt liv, arbeide og drive politikk, med mykje anna, omlag på samme måte som andre innbyggjarar i dette landet.

Sjølv statsministeren vedgjekk i Stortingets spørjetime at dette var ei god ordning som han vil satse vidare på. Det han ikkje nemnte var at han hadde omdefinert ordninga til assistanse i heimen, altså stikk motsett av kva funksjonshindra sitt mål med ordninga er. Dei gir vel katten i kor tid golvet blir vaska, berre dei kjem seg opp og ut om morgonenen, det vera seg til utdanning, arbeid eller anna. 

Sjølv er eg sjokkert over at ei regjering som verbalt er tudtra på solidaritet, vil byggje framtidas Norge på varig apartheid for dei som i dag fell uanfor. Eg er og sjokkert over at eit slikt solidaritetsbrot blir lagt fram utan at ein gong regjeringspartia på Stortinget er informert i førehand.

 

Feller SV regjeringa?

Ei skam er det. Særleg for SV som ser ut til å ville selgja sjela si for taburettar. Dei tek dissens på datalagringsdirektivet, som er ein fjert samanlikna med rein og systematis undertrykking av ei folkegruppe. I denne saka er det berre ein utveg for SV, dissens. Då er det fleirtal i Stortinget for lovfesta rett til BPA. Så får Stoltenberg avgjere om han bøyer seg for fleirtalet, eller går av.

Men før den tid skal saka på høyring i Stortinget.

 

***

...


Terje Marøy
Ansvarlig redaktør

Stigmavakta
Ellingsrudlia 27
1400 Ski

Tlf: 917 02 481
E-post: tema@online.no